Photo: Berge, Arild Våge / Kunst i offentlige rom

Sogn og Fjordane tingrett

Arild Våge Berge sitt kunstprosjekt til Tingretten i Førde er eit resultat av ei omfattande undersøking. Han har samla inn materiale frå heile det tidlegare Sogn og Fjordane fylke.

"Forhandlingar" er eitt verk, men består av tre delar: eit fotografi, ei søyle i rommet og ein steinblokk som er bolta fast i veggen. Saman kommenterer dei retten som ei sone for forhandling, både mellom menneske og mellom fortid og nåtid, eigedomsrett, stat og individ, tradisjonar og utvikling.

Her finst arkivmateriale frå tingretten og jordskifteretten og materiale frå andre institusjonar i regionen, industri, natur og kultur. I samspel dannar materialet forteljingar og spørsmål som tilskodaren kan sette saman til eit større bilde. Kva er ein stat? Eit fylke? Ei tid eller eit minne? "Forhandlingar" har like mange moglege tolkingar som rettsstaten har brukarar.

Arild Våge Berge er ein kunstnar med auge for detaljar. Han er interessert i kva eit dokument rommar, men også kva det kan symbolisere og peike mot eller frå. Han nyttar arkivmateriale, produksjonsrestar og objekt frå svunne tider som kunstnarisk råstoff. For ein ventande part i ei sak vil verka kunne avleie tankane og gje ei pustepause i saksgangen. Ein kan kvile blikket på dei ulike laga i fotografiet, eller fabulere rundt kor ein stein eigentleg kjem frå, og korleis den og vi hamna nettopp her. Søyla viser til og støttar opp under rettsbygningen som det fremste symbolet på demokratiet og kan også lesast som ei vertikal linje gjennom historia.

Som eit tillegg til dei skulpturelle elementa og fotografiet finst ei trykksak med alle dei registrerte objekta med namn og materialskildring. Her kan ein gå djupare ned i detaljane og følgje kunstnaren på hans veg mellom fjella, i ura og på arbeidsplassane han har besøkt.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to