HVL Høgskolen på Vestlandet, campus Kronstad, Bergen

Sjølv om Campus Kronstad var dimensjonert for heile 4400 studentar, var bygget litt for lite allereie ved opninga i 2014. Mange av studentane har derfor halde til i ein bygning i Møllendalsveien leigd av høgskolen.

Den etiopiske kunstnaren Tamrat Gezahegne (f. 1977) bur og arbeider i Addis Abeba. I 2016 besøkte Gezahegne Campus Kronstad som artist in residence som ein del av det temporære prosjektet "Vågestykke", som gjekk føre seg på campusen mellom 2016 og 2018. Nå vil arbeida hans residere i det nye bygget, og det på permanent basis.

Tekstilverket "Coalescence" består av fleire delar montert i to etasjar og er sett saman av broderte kollasjar av handvovne og trykte tekstil. Desse har Gezahegne henta frå alle delar av heimlandet Etiopia, som med sine 86 folkegrupper representerer eit mangfald av kulturelle, sosiale og religiøse variasjonar innanfor både den moderne og den tradisjonelle levemåten. Bildespråket er sterkt påverka av gamle symbol som mellom anna blir nytta i kroppsmåling hos stammefolk i Etiopia.

Tittelen "Coalescence", koalesens eller samansmelting på norsk, viser til ein prosess der to eller fleire dropar eller partiklar slår seg saman, til dømes når det regner. Nå mange små dropar kolliderer med kvarandre og dei nye dropane blir store og tunge nok, fell dei frå skyene som regn. Den same prosessen var viktig i danninga av planetar og stjerner.

Gezahegne har òg utforma folieringa på glasflatene i bygget. Folieringa viser eit alfabet han har utforma sjølv. Dette alfabetet, eit hieroglyfisk skriftsystem, er basert på mangfaldet av munnlege språk i Etiopia og er i nær slekt med fidel, eit skriftspråk konstruert for rundt 2500 år sidan og nytta i mellom anna amharisk.

Til Campus Kronstad kjem det også to større kunstprosjekt av kunstnarane Gisle Harr og Therese Hoen, som begge arbeider med skulptur. Dei fleste skulpturane blir monterte i det nye bygget i løpet av hausten 2020, men nokre blir òg monterte i campusbygget frå 2014. Skulpturane vil breie seg over fleire plan i tett samspel med arkitekturen.

Også eit stort veggarbeid av Kim Hiorthøy blir remontert i det nye bygget. Desse figurane er eit restopplag frå verket "Liste", som blei montert i campusbygget frå 2014. Høgskolen kjøpte figurane, som i mellomtida har vore monterte i leigebygget i Møllendalsveien. Når nybygget opnar, blir både studentane og kunsten flytta til permanente lokale. Slik dannar kunsten linjer mellom ny og gammal bygningsmasse – og i eit KORO-prosjekt som strekker seg over mange år.

Add a comment or suggest edits

For å publisere en offentlig kommentar på objektet velger du «Skriv en kommentar». For å sende en henvendelse direkte til museet velger du «Send en henvendelse».

Leave a comment or send an inquiry

Share to