Photo: Bolstad, Torgeir R / Valdres Folkemuseum

Hattar frå Aslaug Heggelunds mote-og manufakturforretning, Fagernes

24 objects

Hattestativ

Hode av tre, til produksjon og salg av hatt. Påtegnet ansikt.

Hatt

Hatt i mørk blå fløyel, pynta med blått ripsband og perler.
Ripsband rundt kanten inni, og hattestrikk for å feste hatten.

Hatt

Hatt, alpelue i lys gult "papirstoff".
Merkelapp: "Rosenvinge. Made in Norway. Str. 56. kr. 198,-

Hatt

Hatt av fjær.

Hatt

Hatt

Hatt med raude fjør som er limt på ein stiv netting. Fór av svart netting. Fleire av fjørene er lause.

Hatt

Hatt i gul velour, fóra med stiv netting. Laust "metallband" med merkelapp 8225 Made in Sweitzerland. 42,-

Hatt

Hatt i raud velour, fór av kvit kunstsilke. Rund pull med bøyle som er festa i framkanten. Rundt denne er det sydd "vaffelsaum".
Merkelapp: G G. Pris 29,50.

Hatt

Hatt, i blå filt, fór av svart kunststoff. Pynt av blå tyll(nylon) Merkelapp med pris 168,-

Hatt

Hatt samansydd av sølvfarga metallband sydd til eit nett av plast. Bøyle i ytterkanten.

Hatt

Hatt i raud filt, kanta med rosa ripsband.
Merkelapp: C Gsbe.

Hatt

Hatt

Hatt i lyseblå filt, kanta med mørkeblått ripsband.
Merkelapp: Gsbe. Pris 29,- Hol i filten og ripsbandet på toppen.

Hatt

Hatt i svart filt med brei brem og pull. Stor pyntesløyfe i same tøy på eine sida av pullen. På innsida ripsband rundt pullen og hattestrikk festa i kvar side.

Hatteblokk

Hatteblokk, form for å lage hatt. To trestykker som er sett saman. Oval i botn, forma som ein "plog" øverst. Under bora tre hol, 2,5 cm i diameter.

Hatteblokk

Hatteblokk, form for å lage hatt. To trestykker som er sett saman. Oval i botn, forma som ein "plog" øverst. Under bora tre hol, 2,5 cm i diameter.

Hatt

Hatt i lys blå netting, fór av lys kunstsilke.
Merkelapp: 140,-

Hatt

Hatt i mørk blå velour, pynta med blålilla ripsband og små perler.

Hatt

Hatt i lys blågrønn velour, fóra med stiv netting. Rundt kanten pynta med eit band av chiffon og nokre perler på høgre sida. Merkelapp K 600 168,-

Hatt

Hatt i gul velour, fóra med stiv netting. Påsett pynteband med perler.

Heilt til det siste var Astrid Magistad ivrig modist og leverandør av undertøy, kjolar og eksklusive kåper. Kvar haust fylte ho hyllene med nye produkt, i tillegg til å selje kjolar frå eiga systove. Etter kvart tok ho til å selje masseproduserte varer, men det var hattane som gjorde henne til handverkar. Desse vart til på kvelds- og nattetid. Filten bløytte ho i vatn, og så forma ho hattane med ulike hjelpemiddel, i alle slags former og fasongar.

Kundane kom frå heile landet: Austlandet, Vestlandet, Oslo og Valdres. Bygdekvinner, hovudstadsfruer, hytteturistar og andre tilreisande. Kvar og ein av dei fekk ein personleg service som vi i dag berre kan drøyme om.

– Sjå her, denne drakta har eg kjøpt til deg, kunne ho seie. Astrid kjende kundane sine, ho visste kva dei ville ha. Når ho handla inn frå dei store varemessene, hadde ho alltid gode kundar i tankane.

Astrid Magistad fekk teoretisk opplæring på ”Oplandenes kristelige ungdomsskole” på Gjøvik i 1928–1929. Ho tok praktisk opplæring i motesaumkurs i fleire år, i tillegg til tilskjerarkurs på ”Våre Damers tilskjærerakademi” i 1931–1933. I 1932–1933 tok ho handelskurs. Astrid Magistad var gift med overrettssakførar Harald Magistad (1909–2001). I ti år var han skrivar og kasserar ved Valdres Folkemuseum. Då Astrid Magistad døydde i 1998, overtok Valdres Folkemuseum ein del av varelageret.

Det var mor til Astrid Magistad, Aslaug Heggelund (1882–1949), som i 1910 etablerte Aslaug Heggelunds mote- og manufakturforretning. Aslaug (fødd Hagen) var fødd på Odnes i Søndre Land, men flytte til Fagernes tidleg på 1900-talet. Den fyrste tida heldt ho til i leigde lokale på austsida av Neselva. I 1938 reiste mannen hennar, Johan Heggelund (1876–1945), ein ny gard på Valdreshaugen (fyrste tilhaldsstaden for Valdres Folkemuseum) på Skarpsno, på vestsida av Neselva. Bygningen vart reist i bindingsverk og fekk rappa murfasade. I 1939 flytte Aslaug Heggelund inn i den nye forretninga. Her selde ho stoff i metervare, trådsneller, undertøy og kjolar.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to