1 object
Eit typisk trekk ved kunsten til Ekblad er hennar vedvarande utforsking av ulike teknikkar og materialar, samt den frie bruken av kvardagsgjenstandar og referansar til kunsthistoria og populærkulturen. Det kjem også til uttrykk i storformatsmåleriet "Irske kniplinger".
Komposisjonen er abstrakt, med element frå mellom anna handverket knipling, eit motiv kunstnaren også har jobba med tidlegare. Kniplingane, som ho har gjort delvis synlege, har ho funne i gamle arkiv og deretter fotografert. Det er desse fotografia som er utgangspunktet for dei måla kniplingane. Vidare er motivet basert på mønster og ornamentale strukturar som breier seg energisk og leikent utover flata. Nokre kjenner ein igjen, men dei fleste er frå kunstnarens eigen fantasi. Vi finn også eit gensererme frå ei høghalsa trøye kunstnaren brukte som lita. Måleriet er eksplosivt i fargerikdommen sin og utført med pastose (tjukke) målingsstrøk og den karakteristiske puff-teknikken til kunstnaren, som gjer målinga ekstra tjukk.
Gjennom sine taktile kvalitetar kommuniserer "Irske kniplinger" med den eksisterande kunsten ved skulen, blant anna tekstilarbeida til Frida Hansen og det abstrakte veggmåleriet til Inger Sitter. Samtidig utfyller Ekblad dei mannlege kunstnarane i den nyare delen av skulen ved at ho tilfører skulen eit personleg, ekspressivt og koloristisk måleri med referansar til handverkstradisjonar.
Ida Ekblad (f. 1980) bur og arbeider i Oslo. Ho er utdanna ved Central Saint Martins i London og Kunsthøgskolen i Oslo. Ho har på få år etablert seg som ein av dei mest tonegivande yngre kunstnarane. Ekblad hadde separatutstilling ved Muset for samtidskunst allereie i 2013 og i 2019 hadde ho to større separatutstillingar i Museo Tamayo i Mexico by og Kunsthalle Zürich Kunsthalle.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».