Photo: Setesdalsmuseet

Ei skattkiste - samlinga etter Gyro og Jon Løyland

Eit setesdalsloft kunne gjeve plass til så mangt, og når museumsmannen Jon Løyland laga til si eiga utstilling av alt det gamle han samla på, kunne det verte ganske spennande.

Kva gjer ein når ein er styreleiar i Setesdalsmuseet og pengane til å kjøpe gjenstandar for er brukte opp? For Jon Løyland, styreleiar frå 1939-1964 - var svaret enkelt: «Eg kjøper det sjølv for eigne pengar!»

Resultatet vart ei ganske omfattande samling av store og små gjenstandar som vart systematisk ordna i det store Løylandsloftet som vart sett opp i tunet i Grendi der familien budde. Gamle søljer og bunadar, brødformer, smørholkar og sleiver, berre for å nemne noko. Alle krutthorna vart montert på ei plate, og det same med spinnehjula.

Til slutt vart det til eit lite, spennande museum. Familien hadde dette ope for turistar heilt fram til 1990-talet. Då vart samlinga overført til Setesdalsmuseet, som har glede av å vise fram ein del av samlinga. Vi har kalla den «Ei skattkiste».

Add a comment or suggest edits

Leave a comment or send an inquiry

Share to