Photo: Setesdalsmuseet

"So gjekk me kledde i Råbyggjelaget"

So gjekk me kledde i Råbyggjelaget

163 objects

Sokk

Belte

Brudgomsdalar

Form: Lekkje med anheng

Bunad

Svart, fotsid stakk med svart forkle, brodert liv, belte og kvit bunadsskjorte

Kufte

Trøye av brunt vadmål, stutt rygg, lange ermar, broderi

Skjorte

Stakk

Stakk

Stakk

Kufte

Buksesele

Stakk

Stol

Stakk

Hardingfele

Stakk

Hatteklut

Brudgomen hadde det hengande ned bak på hatten.

Sko

Handlaga sko. Beksaum. Brodering sauma med bektråd.

Bukse

Lang bukse med klaff, skinn bak, grøne kantingar, brodert

Kufte

Jakke med lange ermar og stutt bul, brunt vadmål, med svart og grønt klede og broderi

Råbyggjelaget er eit gamalt namn på dei indre bygder. Ved bruk av tablå vert det fokusert på drakt og kultur frå Bykle øvst oppe til Iveland i sør.

Drakttradisjonen i Setesdal er ubroten. Samstundes som dei siste brukte drakta til kvardags, var det mange som hadde teke dalekleda i bruk til høgtider - konfirmasjon, bryllaup og 17. mai. Difor er det mykje ulikt i detaljane. Fargeval og mø nster endra seg frå bygd til bygd.

Draktskikken var heller ikkje den same i heile regionen. Øvst oppe i dalen, i Fjellgardane, var drakta inspirert frå Telemark. I sør var det kysten og kontakten over Nordsjøen som gav mest inspirasjon. Der var drakttradisjonen i ferd med å smuldre opp då dei første fotografia vart tekne i andre halvdel av 1800-talet. Noko var likevel att, og i monteren vert det vist fram drakter som m.a. har tilhøyrt mor og bestemor til seinare statsminister Jørgen Løvland.

Filmen "Eit anna Setesdal" er ein del av utstillinga, og understrekar at setesdølane også var opptekne av verda rundt seg. Mellom anna hadde dei stor interesse for det nasjonale, og var svært aktive i oppbygginga av nasjonen Noreg for godt 100 år sidan.

Add a comment or suggest edits

Leave a comment or send an inquiry

Share to