Photo: Borealis Arkitekter as / Kunst i offentlige rom

Bardufoss helikopterbase og brannstasjon

I arbeidet med kunst til Bardufoss helikopterbase og brannstasjon har Thorbjørn Sørensen tatt utgangspunkt i spørsmålet: Kva er det eigentleg Forsvaret forsvarer?

Thorbjørn Sørensen (NO) er kanskje mest kjend for detaljerte akvarellar av dei små ting i miljøet rundt oss; ein klump jord med gras på eller ein død småfugl. Han arbeider òg med andre uttrykk, som installasjon, stripemåleri og figurative måleri av folk i daglegdagse situasjonar. Til kunstprosjektet ved Bardufoss helikopterbase og brannstasjon i Troms har han kombinert sarte akvarellar og felt med kraftige fargar. Effekten er slåande.

Med utgangspunkt i spørsmåla «kva er land?» og «kva er det vi forsvarer?» har Sørensen valt motiv til akvarellane frå naturen rundt basen; ulike fugleartar, vanlege grasvekstar, lauv frå tre og liknande.

Akvarellane til brannstasjonen er gitt kvit bakgrunn, kvite passepartout og kvite rammer, men er montert på felt med sterke og klåre fargar måla direkte på veggen. I eit møterom er ein montasje av mange mindre akvarellar i kvit ramme hengt på ein vegg måla i ein kongeblå farge.

I kantina i flyhangaren har kunstnaren brukt dei offisielle fargane til Forsvaret i eit stripemåleri . Det er montert på eit kvitt fargefelt omgitt av eit større, lyseblått rektangel, slik at måleriet får ei dobbel «ramme». Dei store fargekontrastane og teksturen i målinga styrer merksemda mot korleis inntrykket av éin farge blir påverka av kva fargar som er på kvar side.

Thorbjørn Sørensen (f. 1961) er utdanna ved Kunstakademiet og Kunsthøgskolen i Oslo. Han har hatt ei rekkje utstillingar i Noreg og Norden, og har gjennomført kunstprosjekt for Bølgen Kulturhus i Larvik, Statoil i Bergen og Utanriksdepartementet (UD) på Victoria terrasse i Oslo.

Add a comment or suggest edits

Leave a comment or send an inquiry

Share to