Photo: Werner Zellien / Kunst i offentlige rom

Holmestrand stasjonshall

Skulpturen "Rock Collection" av Frida Tebus er inspirert av lokale steinskattar frå fjellet under Holmestrand.

Den gamle delen av Holmestrand, med idylliske hus og småbåthamn, ligg ved foten av ein bratt fjellvegg vend mot Oslofjorden. Dei fleste innbyggjarane i området bur oppå fjellplatået. Den nye jernbanestasjonen i byen er flytta inn i fjellet, noko som frigjer plass i sentrum og gjer stasjonen lettare tilgjengeleg for dei som bur på platået. Derifrå går det nemleg ein heis ned til stasjonen.

Då Frida Tebus (SV) besøkte Holmestrand som ein del av forarbeidet til kunstprosjektet, møtte ho tilfeldigvis Trond Owe, ein tilsett i Bane NOR. I bilen hadde han ein stor bergkrystall som nyleg var blitt funnen etter ei sprenging i fjellet. Det viste seg at Owe i lang tid hadde tatt vare på mineralfunn frå ulike anleggsarbeid i området. Eit tjuetals flotte steinar, som bergkrystall, kalkspat, prehnitt, epidot og limonitt, låg utstilt i eit glasskap på byggeplassen.

Det gav ideen til skulpturgruppa som no står på plassen utanfor den nordre inngangen til stasjonshallen. Den fulle tittelen på verket er "Rock Collection. Yellow Limonite with Rock Crystal, Red Porphyry, Green Prehnite with Calcite, White Porphyry, Black Porphyry, Black Epidote with Rock Crystal".

Skulpturgruppa består av noko som liknar seks kampesteinar plassert på eit betongpodium dekt av grus. Men skulpturane er i realiteten støypte i polyester forsterka med glasfiber, som forstørringar av steinfunna i fjellet: krystalliske mineral og fine eksemplar av bergartane porfyr og basalt. Dei er svært vakre og glitrar som edelsteinar. Sjølv om pengeverdien ikkje er så stor, kan ein godt snakke om at dei er lokale skattar frå fjellet i Holmestrand.

Måten steinformasjonane er sett opp på, leier tankane mot ein japansk zen-hage. Her kan ein stoppe opp og finne ro ved den majestetiske klippeveggen som skjuler den nye stasjonshallen.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to