Photo: Forsvarsbygg / Kunst i offentlige rom

Terningmoen leir, bygg 0044

Med ein humoristisk strek peikar Constance Tenvik på dei sårbare og romantiske sidene til ungdommar som skal bli soldatar.

Til oppgraderinga av Terningmoen leir på Elverum var det først planlagt å kjøpe inn ferdige verk av Constance Tenvik. Men då KORO tok kontakt med kunstnaren, ville ho heller lage noko nytt med utgangspunkt i militærleiren. Resultatet er tre teikningar med titlane Gardemann med hestehår og rose #1, #2 og #3.

Eit verna brakkebygg frå 1884 er oppgradert og skal huse rekruttar til Hæren og Garden. Her heng teikningane til Tenvik. Både motiv og formspråk talar direkte til målgruppa: Med ein lett og humoristisk strek har Tenvik teikna soldatar i uniformer som minner om gardeuniforma, men i lyse pastellfargar. Kroppane inni uniformene har litt «feil» proporsjonar – små hovud, lange nasar, lange armar og bein og store hender – som ikkje heilt ferdig utvikla tenåringar.

Tittelen Gardemann med hestehår og rose viser til duskane oppå hattane som høyrer til gardeuniforma, og at soldatane på teikningane har roser i hendene. Slik spelar Tenvik på romantiske førestellingar om soldaten som høvisk kavaler.

Constance Tenvik (f. 1990) er utdanna ved Kunstakademiet i Oslo og Yale School of Art i New Haven. Ho arbeider med teikning, måleri, skulptur og performance med innslag av teater, musikk og dans. I desember 2017 opnar ho si første soloutstilling gjennom Unge Kunstneres Samfund (UKS) på Kunstnernes Hus i Oslo.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to