Photo: Sogn og Fjordane Kunstmuseum / SFKM - Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Jens Hauge - Menneske og natur - Fotografi 1970-2012

I 2012 er det 42 år sidan Jens Hauge tok sitt første fotografi. Sidan den spede byrjinga har han eksperimentert og arbeidd langs fleire parallelle og tidvis kryssande aksar. Han er kan hende mest kjend for sine stillferdige og nærast sjølvlysande landskaps-bilete i svart-kvitt, men han har òg arbeidd med surrealisme i iscenesetjingar, kvardagen, organiske former og landskap. Hauge var ein av fornyarane av det norske landskapsfotografiet på 1980-talet, noko som nådde eit høgdepunkt i nybrottsprosjektet Norsk Landskap 1987, eit samarbeid med tre andre fotografar. I den seinare tid har Hauge fotografert landskap med leikehytter og landskap tekne i fart frå buss, men òg dei nære landskapa frå Lærdal. For som mange andre fotografar, arbeider Hauge ofte med fleire seriar samstundes, over tid.

Hauge har arbeidd med fotografi i ei brytningstid prega av teknologisk utvikling og formale og innhaldsmessige omveltingar. På 1970-talet var det hovudsakleg det amerikanske modernistiske «straighte» fotografiet med fokus på reinleik som var førebiletet for norske fotografar. Biletet skulle verte til i kameraet og ikkje manipulerast. Heile negativet skulle nyttast, og det skulle vere teikning i både høglys og skuggar. Organisering av former, flater og liner var viktig, og ein fotograferte sylskarpt i svart-kvitt. Bileta skulle ha ein subjektiv, «kunstnarleg» nerve og opphøgje kvardagslege objekt og det mindre spektakulære. Utover 1980-talet dreidde interessa seg gradvis over mot mindre strikte måtar å tenkje fotografi på, noko som resulterte i ein postmodernistisk eksplosjon i det norske fotomiljøet på 1990-talet. No var alt lov: fargar, manipuleringar, tileigningar, iscenesetjingar og blanda uttrykk. Idéen vart viktigare enn teknisk perfeksjon, og kunstinstitusjonen, kunstnarrolla og samfunnet generelt vart nøye granska av kunstnarane sine kritiske blikk. Hauge står med ein fot i kvar av desse -ismane, sjølv om hovudtyngda er i modernismen.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Share to