Høgskolen i Innlandet, studiested Evenstad

Photo: Werner Zellien / Kunst i offentlige rom

Kunsten til Eli Hovdenak krinsar ofte rundt dyreliv og bruk av naturen, med varme skråblikk på romantiske førestellingar og klisjear knytt til kunst og natur. Det var noko av bakgrunnen for at ho vart beden om å skape kunst til det nye administrasjonsbygget ved Campus Evenstad, Avdeling for anvendt økologi og landbruksfag ved Høgskolen i Innlandet.

Foajeen, kor resepsjonen også ligg, har ein stor peis midt i rommet og er tenkt som møteplass for studentane. Her er også kunsten til Hovdenak plassert.

Verket Alt henger sammen består av 18 delar, på måla valchromatplater med freste teikningar basert på tresnitt og tusjpenselteikningar. Dei små, fargesterke bileta er sett opp i grupper som bind veggflatene i resepsjonen saman.

Dyr og menneske teikna med ein enkel strek formidlar ei humoristisk og håpefull innstilling til livet. Samtidig nærmar verket seg eit tema som òg er sentralt for studentane på Evenstad: Klimatiske og økologiske endringar viser at det som skjer på andre sida av kloden har konsekvensar også her.

Motiv som elg og tømmerfløyting viser til naturen og tradisjonen for skogdrift på Evenstad og til dei lokale flaumane i Glomma. Dyr som bokstaveleg tala misser fotfestet på jordkloden, minner om konseptet økologisk balanse, medan ei romferje peikar mot eit scenario kor balansen er tapt. Kanskje må menneske og dyr ein gong rømme frå jordkloden og søke andre stader å leve?

Eli Hovdenak (f. 1956) er utdanna målar og grafikar ved Statens håndverks- og kunstindustriskole og Statens kunstakademi. Ho har arbeidd med både veggmåleri og trerelieff. Arbeida hennar kan ved første blikk ha eit naivistisk preg, men veks i kompleksitet ved nærare gransking.

Add a comment or suggest edits

Leave a comment or send an inquiry

Share to