Photo: Werner Zellien / Kunst i offentlige rom

Nord universitet, Bodø, Administrajonsbygget

Nord universitet blei danna i januar 2016 etter at ein slo saman det som tidlegare var Universitetet i Nordland, Høgskolen i Nesna og Høgskolen i Nord-Trøndelag. Det nye universitetet har ni studiestader. No blir eit 2588 kvadratmeter stort nybygg opna på Bodø Campus. Det skal primært huse sentraladministrasjonen til universitetet.

Kunstprosjektet for nybygget har resultert i innkjøp av seks fotografi og eit videoarbeid av Per Christian Brown (f. 1976). Kunsten hans tek ofte utgangspunkt i forsking og vitskapshistorie. Dei innkjøpte verka rettar spesielt merksemda mot dei materielle eigenskapane til element som jord, stein, vatn – og mjølk, og det på ein måte som opnar dører frå det sanseleg konkrete til det uhandgripelege i draum og fantasi.

Videoarbeidet med tittelen "Earth and Reveries of Repose – Reveries of Material Interiority" er basert på den franske filosofen Gaston Bachelards avhandling frå 1948: "La terre et les rêveries du repos" («jorda og dagdraumane til kvila»). Ei forteljarstemme les på engelsk fragment frå Bachelards essay samstundes som filmen illustrerer og går i dialog med dei filosofiske spekulasjonane – til dømes rundt det at overflata til mjølk ser svart ut når ein studerer ho på nært hald.

Det 24 minutt lange videoarbeidet blir vist i loop på ein veggmontert skjerm i garderobeområdet i underetasjen. Det er lett tilgjengeleg frå publikumsområdet i etasjen over, kor dei seks fotografia til Brown er plassert.

Fotografia viser vulkanske hòler på Island og abstrakte tablå av stein, mineral og flytande fargepigment fotografert i ulike glaskolbar. Arbeida har eit poetisk uttrykk samstundes som dei spelar på psykologiske fargeteoriar og fargesymbolikk.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to