Ila fengsel og forvaringsanstalt, portbygg

Photo: Statsbygg / Kunst i offentlige rom

Kunstnaren Vigdis Fjellheim har fylt dei lange, underjordiske gangane i portbygget i Ila fengsel med fargesterke måleri.

I 2016 stod eit nytt portbygg klart på Ila. I dei lange gangane som fører fangar, tilsette og besøkande inn i fengselet, har den norske kunstnaren Vigdis Fjellheim (f. 1975) måla fargesterke måleri rett på dei glatte, lyse betongveggane. Dei faldar seg ut i enormt format, og skapar ei drøymande og uttrykksfull biletverd i dei elles nakne og tomme gangane.

Vigdis Fjellheim har i fleire prosjekt jobba med menneske i vanskelege situasjonar. På Ladesletta helse- og velferdssenter i Trondheim har ho t.d. fylt tre etasjar med veggmåleri. Prosjekta hennar uttrykker omsorg og innsikt i situasjonane, og mellom dei figurative uttrykka finn ein abstrakte og fantasifulle innslag, vridde perspektiv og sterke fargar. Måleria til Fjellheim fungerer som skodeplassar for minne og erfaringar, der røynda er brote opp mot glimt av ei anna verd.

I kunstprosjektet på Ila finn vi born som flyr dragar, trekkfuglar mot ein blå himmel, frodige grøne vekstar, stigar og menneske som arbeider saman. Samtidig som motivkrinsen er metaforrik og assosiativ, har idear om det konstruktive og oppbyggjelege vore sentrale leiemotiv i arbeidet. Slik illustrerer ho eit av grunnprinsippa i norsk fengsels- og forvaringspraksis: moglegheita til å byggje opp livet sitt igjen, til å handle saman og til å konstruere noko.

Ila fengsel og forvaringsanstalt ligg i Bærum kommune utanfor Oslo og husar 124 innsette. Over halvparten av plassane er for innsette som er dømd til forvaring. Det er høgt sikkerheitsnivå i fengselet.

1 related item

Share to