Photo: Westvig, Lars / Kunst i offentlige rom

Bodø fengsel, tilbygg

Sentralt i Bodø ligg Bodø fengsel, som har plass til 50 domfelte som sonar på høgt sikkerheitsnivå. I 2016 stod eit nytt tilbygg ferdig.

Allereie før utvidinga fanst det fleire verk frå KORO i kunstsamlinga til fengselet, som er med på å dempe det institusjonelle preget. Mellom anna har kunstnaren Hugo Aasjord flytta ein original tømmervegg til hovudinngangen til fengselet, der den er stilt ut saman med fotografi av det lafta huset den er henta frå.

Dei tre fotografia av Rune Johansen glir godt inn i den eksisterande kunstsamlinga. I biletet En hilsen til Redningsselskapet ser vi ein lafta tømmervegg i noko som verkar vere eit utsnitt av ei privat stove. Det heng familieportrett og broderi på veggen. Interiøret gjev assosiasjonar til noko genuint og folkeleg norsk. Det norske er temaet i dei to andre bileta også – i det eine fotografiet ser vi eit norsk flagg og eit snødekt fjell, i det andre eit lite naust i botnen av ein stor dal.

Rune Johansen er fødd i Bodø i 1957 og har fotografert sidan 1976. Den sjølvlærde fotografen fekk sitt store gjennombrot som kunstnar i 2004, då han gav ut si første fotobok, Hiv mannskjiten, med fotografi frå nordnorsk folkeliv akkompagnert av eigne, underfundige tekstar. Ingen av bileta til Johansen er arrangerte. Metoden hans er å reise, sjå, oppdage kva som interesserer han på staden, og fotografere. Dei overraskande utsnitta, dei kvadratiske formata og sansen for det merkverdige og besynderlege, for detaljane ein ofte overser i eit landskap eller eit interiør, gir fotografia hans eit særprega uttrykk. Sidan gjennombrotet har han hausta brei og internasjonal heider for dette uttrykket.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to