Dei antikvariske husa på Valdres Folkemuseum

69 objects

Frå slutten av 1800-talet starta arbeidet med å bygge opp regionale kulturhistoriske museum i heile Noreg. Målet var å «samle inn, bevare, utforske og formidle materielle spor av folks liv og virke i bygd og by», skreiv Hans Aall, som var initiativtakar til Norsk Folkemuseum.

Valdres Folkemuseum vart etablert i 1901. Målet var å redde det som reddast kunne av «oldsaker» for kvar krets, og samle desse på ein sentral stad, stod det i kronerullingsinvitasjonen som vart sendt ut i forkant. Å vise fram den lokale byggeskikken vart frå fyrste stund sett som ei sentral oppgåve. Det var som om nasjonsbygginga, byggeskikken og den lokale identiteten hang uløyseleg saman.

Ideala for korleis ein best bør drive husinnsamling og museumsformidling, har svinga med tilgjengeleg kompetanse og museumstrendar. I 1917 vart Valdres Folkemuseum flytt til Storøye. Samtidig vart det laga ein plan der det var kommunegrensene som var sorteringsmåte i gjenreising av gamle hus. Dei fleste husa som vart flytt til museet før krigen, vart flytt til museet fordi dei vart sett som verdfulle: nokre fordi dei var sjeldne, nokre fordi dei var typiske, mange fordi dei stod i fare for å gå tapt der dei stod. Fleire hus hadde allereie vore flytt fleire gonger før. Rosemåla skåp og innbygde senger følgde i mange tilfelle husa, ofte var det sett som vilkår for at museet i det heile skulle overta huset.

Bygningane vart tekne ned stokk for stokk, og bygningsdelane vart stort sett merkt med kvar dei vart tekne ut. Gjenreisinga skjedde i motsett rekkefølgje av korleis huset vart demontert, og slik prøvde ein så godt som råd å få alle delar på opphaveleg plass. På museet fekk husa tene som utstillingsrom for all slags gamle gjenstandar og tekstilar frå heile dalføret, medan den opphavelege funksjonen til husa var mindre viktig.

Nokre hus vart sett opp på museet om lag som dei hadde stått. Andre søkte ein å rekonstruere tilbake til slik ein tenkte huset kunne ha sett ut opphaveleg. Ofte var det nødvendig å skifte ut dårlege bygningsdelar. Arbeidet vart som regel gjort av erfarne handverkarar, men nokre gonger vart jobben gjort av folk som neppe hadde gjort slikt arbeid før. Enkelte hus vart lagra lenge før dei vart sett opp att, og i nokre tilfelle var byggeutgreiingane borte eller merkinga mangelfull.

Mange av desse utfordringane hang ved i tilveksten av hus i tiåra som følgde. Eit markant skifte kom likevel etter at museumsområdet vart betydeleg utvida i 1952. Då var folkeminnegranskaren Knut Hermundstad museumsstyrar, og det herska nye ideal for museumsformidling i Noreg. Det var på 1950-talet flest hus vart flytt til Valdres Folkemuseum. I sentrum for den storstilte utviklinga stod plasseringa i landskapet og på tunet, variasjonane i byggeskikk over tid (og ikkje berre mellom kommunane), funksjonen til husa og ikkje minst den rike og mangfaldige folkekulturen. Ein storgard, ein fjellgard, ein husmannsplass, ei handverks- og ei utmarksavdeling kom på plass i denne perioden, og dei vart innreidd etter sin typiske funksjon. Det vart etablert eit skilje mellom innmark med ein gard i kulturlandskapet og utmark med lyng, skog, husmannsplass, støls- og fjellområde. Museumshusa skulle gjere det mogleg å vise fram folkelivet, den sosiale skilnaden mellom husmannsplass og storgard, livet på stølen og i utmarka. Museumsanlegget skulle kunne vise utviklinga i byggeskikken over tid, med ulike former for laft, vindauge, svalgangar, inngangsparti, romløysingar, eldstader, murarbeid og inventar. Anlegget skulle ha ulike former for typiske Valdres-hus representert. Ein var meir enn før oppteken av å bevare det bygningstekniske, men det vart framleis gjort ein del endringar. Dei la eternit under torvtaka for å få taka til å halde lenge, nokre bygg vart justert til å bli meir «typiske» for dalføret, og andre gonger var antikvariske fagfolk og handverkarar ueinige om kva som var dei rette vala å ta.

Ved Valdres Folkemuseum har vi meir enn ved andre museum vore opptekne av å dokumentere folkeminne, sosiale skikkar, utøving av handverk og folkekunst. Samstundes ser vi at dei tidstypiske fellestrekka har skugga for det som har vore personleg og annleis. Dette gjeld ikkje minst i arbeidet med å utvikle bygningssamlinga. Enkelte hus og gjenstandsgrupper er overrepresentert, medan andre manglar. Ein har òg vore meir oppteken av bygningstekniske detaljar enn av å konstruere ein heim. Lite informasjon er skriven ned om folka som faktisk budde i husa som vart flytt til museet. I gjenstandssamlinga ved museet ser vi dette endå tydelegare; for svært mange av gjenstandane er ikkje eingong gjevar oppgitt. Her finst rett nok unntak, men det gjeld helst om vi har å gjere med personar som hadde gjort noko særleg viktig for dokumentasjon og vidareføring av folkekulturen, slik som folkeminnesamlarar, folkemusikarar og historielagsfolk.

Frå 1960 og fram til vår tid har det kome til over tjue hus, då særleg for å supplere samlinga. Døme på dette er hus og anlegg med tilknyting til turist- og samferdslenæringa, bygdefestar, jakt og stølsdrift, handverk og utvandring til Amerika. Arbeidet med oppsetting og dokumentasjon har variert frå prosjekt til prosjekt. Samstundes finn vi nok meir omfattande dokumentasjon frå Hermundstads tid enn frå tida etter. Det har både å gjere med Hermundstad som person, med varierande arkivsystem og med at reiselivssatsinga og andre større oppgåver har hatt høg prioritet.

Dei aller fleste bygningsmiljø i dagens Valdres har hus frå ulike tidsepokar, med forskjellig form og detaljrikdom. Ved Valdres Folkemuseum er dei aller fleste av dei over sytti husa frå 1700- og 1800-talet, og samlinga representer difor korkje fortidas eller dagens Valdres i miniatyr.

Når hus blir tekne ut av ein samanheng og putta inn i ein ny, vil mykje kjeldekunnskap bli borte. Det opphavelege bygningsmiljøet og landskapet rundt endrar seg; luktene, lydane, dyra, kunnskapen og folka følgjer ikkje med på kjøpet. I arbeidet med å dokumentere, samle inn, formidle og reorganisere kunnskap vil alltid biletet av fortida og samfunnet bli unyansert. Museumsfolk har teke med og utelate mykje, dei har skifta ut og lagt til. Vi gjer det alle, kvar dag; vi generaliserer, forvrengjer og utelet.

Likevel, bygningssamlinga og kunnskapen vi forvaltar, gjer det mogleg å formidle og begripe mykje av naturforholda, byggeskikken og folkelivet som har prega Valdres. Kvart hus og kunnskapen vi forvaltar, er vitnemål om liv og samfunn i eldre tid.

Årestua frå Svartfjell, det lange selet frå Stor-Måno og husmannsstova frå Frigstad er alle døme på bygningar der vi veit ein del om folka som brukte dei. Samtidig er dei også døme på hus vi fortel lite om når vi ved museet viser folk rundt. Ei omvising på museet er relativt kort, og det er ikkje tid til å ta for seg særleg mange av bygningane.

Ved Valdresmusea har vi no skrive av handskrivne notatbøker, registreringskort, lappar, arkivdokument og artiklar om dei enkelte husa. Vi har også gjort tilgjengeleg ein del gamle og nye bilete. Vi har lagt inn opplysningar om både bygningstekniske detaljar, folk og hendingar. For enkelte bygningar har vi mykje informasjon, for andre har vi svært liten kunnskap. Etter kvart som nye kjelder dukkar opp, vil basen bli utvida. Via DigitaltMuseum.no kan du no lese om alle dei antikvariske bygningane. Du kan sjå på bilete, lese og lære heime eller på bussen. Ved å ta med deg smarttelefonen på vandring kan museumsbesøket ditt bli rikare enn før.

KAN DU BIDRA? Har du opplysningar knytt til husa eller miljøa dei har stått i, kan du legge inn kommentarar om dette på DigitaltMuseum, eller du kan komme innom oss for ein prat. Kanskje har du også bilete av husa der dei opphaveleg stod, eller kanskje finn du feil i registreringane? Med hjelp frå deg kan vi bli betre på å flette kunnskap og livsløp saman med dei antikvariske bygningane. Slik kan vi utvide dokumentasjonen av den regionale og nasjonale historia vi saman forvaltar. Slik kan vi gje dei tause bygningane sjel.

Anne Marit Noraker

konservator ved Valdresmusea

mai 2016

Add a comment or suggest edits

Leave a comment or send an inquiry

Share to