MuseumsTING

Utstillinga "MuseumsTING" kan du sjå på Nordfjord Folkemuseum fram til 21.august 2016.

17 objects

Lykt

Øskje

Underliv

Underliv til kvinne. Ryggstykket er ein attbrukt mjølsekk med skrift på. 1 knapp i nedre kant. Gjenknapping med 10 lyse knappar, delevis ulike.Ermlaus.

Øskje

Ei sveipa øskje, med rundt tverrsnitt og rette sider. Rekt dekorert med utskjeringar oppå loket, samt målt dekor på korpus.

Trøye

Hatt

Har rutet for inni. Svart band med knappfeste til å ha under haka.

Hatt

Posthue med solskjerm, og merke med posthorn framme. Svetterand på innsida.

Trøye

Gamasje

Gamasjar med 4 metallhekter på kvar ende for feste. Har også "beltehempe" for feste. Har også lisser for knyting.

Trøye

Strikka trøye. Mønsterstrikk. Primærsnitt fasong, isydde armar. Firkanta halsopning og 20 cm kvit rettstrikk nedst før mønsteret tek til. 2 cm. bråt på bolen, 2 rette, 2 vrange.

Sal

Sal i tre, med jernkrokar. Dekorert med utskjeringar. Bukgjord, bakgjord og brystreim i lær.

Støvsugar

Bøtte

Bøtte. Dobøtte. Laus gummiring frå handtaket.

Strømper

Lange strømper.

Strømper

Lange strømper med opning til hel.

Strykejarn

Lite strykejarn med handtak i tre.

Passar

Utgangspunkt for utstillinga er fundamentet i museumsarbeidet; museumssamlinga. Utstillinga visar museumsgjenstanden på fire ulike vis.

Vi inviterer for det første til ein titt bak kulissane på museet:

Korleis vert ein ting ein museumsgjenstand? Kva skal inn i museumssamlinga i dag? Kva gjer vi med gjenstanden når den er teken inn i samlinga?

Utstillinga visar vidare korleis museumsgjenstandar kan gi meining på tre ulike måtar:

Museumsgjenstandar kan sjåast og opplevast som reint estetiske objekt. I utstillinga vil du sjå ein profesjonell fotograf sine vakre bilete av utvalde gjenstandar frå samlinga.

Museumsgjenstandar kan sjåast som kjelder. Vi stillar i denne bolken ut fleire av gjenstandane på fotografia. Gjennom tekst, bilete og supplerande gjenstandar, visar vi korleis gjenstandane er ei kjelde til fortida.

Museumsgjenstandar kan bidra til å gje oss eit nytt perspektiv på vår eiga tid. I utstillinga ser vi på korleis vi forheld oss til ting i dag samanlikna med dei før oss. Stikkord her er forbrukarsamheldet og attbruk.

Vi trur at utstillinga vil gje publikum kunnskap, gode opplevingar og høve til refleksjon.

Velkomne til utstilling på Nordfjord Folkemuseum!

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to