MuseumsTING

Utstillinga "MuseumsTING" kan du sjå på Nordfjord Folkemuseum fram til 21.august 2016.

Utstillinga "MuseumsTING" kan du sjå på Nordfjord Folkemuseum fram til 21.august 2016.

Utgangspunkt for utstillinga er fundamentet i museumsarbeidet; museumssamlinga. Utstillinga visar museumsgjenstanden på fire ulike vis.

Vi inviterer for det første til ein titt bak kulissane på museet:

Korleis vert ein ting ein museumsgjenstand? Kva skal inn i museumssamlinga i dag? Kva gjer vi med gjenstanden når den er teken inn i samlinga?

Utstillinga visar vidare korleis museumsgjenstandar kan gi meining på tre ulike måtar:

Museumsgjenstandar kan sjåast og opplevast som reint estetiske objekt. I utstillinga vil du sjå ein profesjonell fotograf sine vakre bilete av utvalde gjenstandar frå samlinga.

Museumsgjenstandar kan sjåast som kjelder. Vi stillar i denne bolken ut fleire av gjenstandane på fotografia. Gjennom tekst, bilete og supplerande gjenstandar, visar vi korleis gjenstandane er ei kjelde til fortida.

Museumsgjenstandar kan bidra til å gje oss eit nytt perspektiv på vår eiga tid. I utstillinga ser vi på korleis vi forheld oss til ting i dag samanlikna med dei før oss. Stikkord her er forbrukarsamheldet og attbruk.

Vi trur at utstillinga vil gje publikum kunnskap, gode opplevingar og høve til refleksjon.

Velkomne til utstilling på Nordfjord Folkemuseum!

Add a comment or suggest edits

Leave a comment or send an inquiry

Share to