Photo: Statsbygg / Kunst i offentlige rom

Statens kartverk, B-blokka

3 objects

Tegninger fra Kartverket [Tegning]

Verket består av 14 tegninger, 7 i hver ramme.

Plants (prohibited) [Fotografi]

Kunstverket består av 16 fotografier som er plassert i 3 bokser av plexiglass.

Untitled (Stick) [Skulptur]

Verket er plassert i vitrinen.

Historia til kartet er fleire tusen år gamal, men den nyare, digitale utviklinga som har skote fart dei siste åra, er i ferd med å forandre kartografien på grunnleggande måtar. Det meste av arbeidet i Kartverket er no digitalisert, og metodane dei brukar for å måle og dokumentere landområde er i sterk endring. Men framleis er det menneske som styrer arbeidet. Midt i denne utviklinga har teiknaren Esther Maria Bjørneboe (NO) laga sitt tidsdokument over kartlegging slik den ser ut i 2015. Tegninger fra Kartverket er ein serie portrett av dei tilsette ved Kartverket og arbeidet deira. Vissa om at dette arbeidet om kort tid vil sjå heilt annleis ut, gjev teikningane ein poetisk, forgjengeleg dimensjon.

Taryn Simon (US) sine fotografi Plants (prohibited) er ein del av ein større serie med tittelen Contraband. I fem dagar og netter hausten 2009 oppheldt kunstnaren seg på flyplassen John F. Kennedy i New York og fotograferte over tusen konfiskerte gjenstandar tekne frå passasjerar og frå pakkar sendt som flypost. Contraband viser korleis dei materielle tinga er med på å definere ein stad. Kva tek vi med oss frå stadene vi vitjar, og kvifor? Med tida vil gjenstandane bli meir framandarta for tilskodaren og få ein annan valør, ikkje ulikt Bjørneboe sine bilete av dei tilsette ved Kartverket.

Mona Hatoum (LB) er ein libanesisk video- og installasjonskunstnar som bur og arbeider i London. Gjennom fleire tiår har ho laga prosjekt med ein politisk brodd. Ho har arbeidd mykje med migrasjonsspørsmål og denheimlege sfæren. Verket hennar Untitled (Stick) er ein spaserstokk som er laga av silikon og derfor ikkje kan gi støtte til vandraren. Hjå Kartverket blir denne spaserstokken eit slåande bilete på vandringsstaven til dei gamle kartleggarane.

Det ligg ein heilskapleg tanke bak dei nye kunstverka som er kjøpt inn til B-blokka i Kartverket. Samlinga går under namnet samling om tid. Dei tre kunstnarane har markert seg i det internasjonale kunstfeltet på 2000-talet, og med desse arbeida vert samlinga ved Kartverket løfta til internasjonalt format.

Kartverket har frå før ei stor samling, mellom anna Øyvind Brandtsegg sin lydkomposisjon VBLI Music. Dette er eit pågåande prosjekt som varar fram til 2020.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to