Photo: Kunst i offentlige rom

Molde trafikkstasjon

Trafikkstasjonen ligg skjerma frå riksvegen, omgjeve av lauvskog og med utsyn mot fjellet «Tussen». Det låge, langstrakte bygget er av kvit mur og svartmåla trepanel. Bygget blei totalrenovert i 2011, og to nybygg, eitt i kvar ende av hovudbygget, er føydd til på ein måte som gjer at bygningen ligg godt integrert i landskapet.

Da kunstverk skulle kjøpast inn til det nye bygget var det eit ønske om at både publikum og besøkande kunne ha glede av det. Dei tilsette var involvert i prosessen med å velje ut kunst til anlegget, og to abstrakte måleri av kunstnaren Mona Eckhoff Sørmo vart valt til den store, sørvendte endeveggen i resepsjonsområdet.

Eckhoff Sørmo har laga ei rekkje offentlege kunstverk tidligare, mellom anna for Postgirobygget og NRK sitt hovudkontor. Ho har arbeidd mykje på pleksiglas og finérplate, ofte med bruk av materiale frå naturen og industrien, som fjør og sement, avtrykk frå blad eller tekstiler. Bilda på Trafikksentralen er ein del av serien "Light and Ultra Black", ein serie abstrakte tablå kor kunstnaren med enkle middel skapar eit bildeunivers i eit tvitydig grenseland mellom det mikro- og makrokosmiske. Bilda sendar tankane til fjerne galaksar, så vel som førestillingar av livet på cellenivå. Kunstverka i trafikkstasjonen er godt motteke av dei som arbeider der.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to