Photo: Forsvarsbygg / Kunst i offentlige rom

Terningmoen leir, mannskapsforlegningen

Teikningar frå seks ulike kunstnarar er med på å skape eigenart i seks identiske mannskapsforlegningar. Dei er samstundes små vindauge ut mot ei større verd for dei som bur der.

Terningmoen leir ligg i Elverum kommune i Hedmark. Leiren har ei militær historie som strekker seg heilt attende til 1657. Forsvarsanlegget på Terningmoen blei oppretta mot slutten av 1800-talet, og med tida blei det bygd ut, særleg under den andre verdskrigen og i tiåra etter. Opphavleg stod det tolv mannskapsforlegningar frå 1885 her. Seks av dei blei fjerna, medan seks blei rehabilitert i 2013 på grunn av den militær- og kulturhistoriske verdien til området.

Terningmoen er den einaste leiren i Noreg kor dei har tatt vare på eit samla miljø av slike bygg. Flatene er kvitmåla, utvendig er bygga måla i «staverngult», og det opphavlege fasadeuttrykket er i størst mogleg grad tatt vare på. Ein allé av tre som tidlegare stod mellom husa, er òg planta på ny.

Til saman 18 teikningar av seks kunstnarar er kjøpt inn til dei seks forlegningane, som kvar husar seks firemannsrom. Dei seks er Mette Hellenes, Finn Graff, Kim Hiorthøy, Tiril Schrøder, Terje Nicolaisen og Susanna Kajermo Törner. Dei har ulike formspråk, men alle har eit blikk for både det heimlege og det storpolitiske samt ei evne til å ta samfunnet på kornet, politisk, poetisk eller som ein kommentar frå sidelinja.

Hellenes vil mange kjenne frå den faste spalta hennar i vekeavisa Morgenbladet. Finn Graff er kjend for daglege karikaturar og kommentarar i Dagbladet. Kim Hiorthøy har gjennom åra utvikla eit vidt spekter av uttrykk innan illustrasjon, film, musikk og scenografi. Tirl Schrøder brukar ofte ein kombinasjon av teikning og digitale teknikkar. Både ho og Terje Nicolaisen er kunstnarar som fortel historier på fleire plan gjennom tilsynelatande enkle motiv. Susanna Kajermo Törner lagar detaljerte teikningar og collagar der ho ofte tek utgangspunkt i eigne opplevingar og utforskar mytar, kjensler og eksistensielle dilemma.

Kvart år er mellom 350 og 500 soldatar stasjonert i Terningmoen leir, dei fleste av dei i fyrstegongsteneste. Mannskapsforlegningane blir mest nytta av soldatane, og for mange er dette den fyrste bustaden deira etter at dei flytta heimanfrå. Å tre inn i det norske forsvaret inneber òg å tre inn i ei større verd der spørsmål om mellom anna nasjonal suverenitet, internasjonale plikter og menneskeleg liding står sentralt. Forsvaret har eit ansvar både heime og ute, om det gjeld eit ras i den norske fjellheimen eller krenking av menneskerettar i utlandet.

Hovuduttrykket i kunsten til Terningmoen er teikning. Teikning som uttrykk er heimleg og kjend, men kan samstundes romme store spørsmål og refleksjonar. Ei teikning har i tillegg ei praktisk side: Den taklar mindre format godt, kan verke direkte og avvæpnande og kan fungere som eit enkeltverk eller inngå i ein serie.

Mette Hellenes (f. 1964) er både kunstnar og teikneserieskapar. Ho har ei fast stripe i Morgenbladet om dei to venninnene Mette og Vanessa, er kjend gjennom teikneserien "Kebbelife" og har utført eit anna KORO-verk, ved Naudmeldingssentralen i Drammen.

Finn Graff (f. 1938) har vore avisteiknar i fleire aviser og fast karikaturteiknar for Dagbladet sidan 1988. Her kommenterer han aktuelle saker med oppfinnsam humor og skarp penn.

Kim Hiorthøy (f. 1973) har arbeidd med både kunst, illustrasjon, film, musikk, scenografi og tekst. Han har samarbeidd med mellom anna forfattaren Erlend Loe og bandet Motorpsycho, og har òg gitt ut eigne plater og bøker. Hiorthøy er representert blant kunstverka ved Høgskolen i Bergen.

Tiril Schrøder (f. 1969) brukar teikninga til å undersøke kjenslemessige og sosiale problemstillingar i samfunnet. Det gjer ho ved å kombinere enkle strekteikningar, grafiske trykk og digitale teknikkar. Ho arbeider ofte med seriar, der tilskodaren må sjå teikningane i kronologisk samanheng.

Terje Nicolaisen (f. 1964) er kjend for dei karakteristiske teikningane sine laga med simple pennar og det papiret han har for handa, kor blekket flyt ut. I dei klisjéfylte eller enkle motiva finst det likevel historier i fleire lag. Nicolaisen er medlem av Tegneklubben og har gitt ut fleire kunstbøker og ei plate. Han har laga skulpturen "Norsk sokkel" ved den norske ambassadebustaden i Roma.

Susanna Kajermo Törner (f. 1978) arbeider med teikningar, gjerne utført med blyant, kor motiva utspeler seg i ei merkeleg, ofte draumeliknande verd.

Add a comment or suggest edits

Leave a comment or send an inquiry

Share to