Volda og Ørsta lensmannskontor

Photo: Werner Zellien / Kunst i offentlige rom

Det enkle overbygget framfor inngangen til lensmannskontoret er gjort om til ein skulpturell lysinstallasjon. Verket Opposite Mountain Lights tek i bruk heile himlingen i overbygget og er inspirert av fjellkjeda som strekkjer seg frå Ørsta mot Vartdal, med fjelltoppane Saudehornet, Vassdalstinden, Stabben, Liahornet og Bergehornet. Kunstprosjektet held fram inne. Her er dei 134 triangelformene frå lysinstallasjonen ute falda ut i eit større veggmåleri med tittelen Opposite Mountain Lights (unfolded).

På mørke vinterdagar leier lysinstallasjonen besøkande til politistasjonen frå dei svingar av vegen og køyrer opp bakken mot parkeringsområdet. I den lysaste tida av året fungerer formene i taket som skulpturelle element som gjev huset ein karakteristisk profil. Kunstnaren tok utgangspunkt i eit kart over fjellkjedene, og ved hjelp av eit dataprogram gjorde han konturlinene frå fjella om til stiliserte tredimensjonale former. Frå nokre stader på parkeringsplassen ser det ut som om fjella omkring blir spegla i lysinstallasjonen. Når det er mørkt ute og regnar, vil den opplyste triangulære forma skape vakre speglingar i vassdammane.

Maleriet i korridoren er bygd opp på staden ved hjelp av pappsjablongane som blei laga for å kutte til pleksiglasset i lysinstallasjonen. Systemet med dei 134 sjablongane er konseptuelt strengt, mens måten han har komponert og plassert formane er friare og meir spontan.

Sletvold Moe sitt verk gjev politihuset eit estetisk løft, samstundes som det signaliserer plasseringa til ein viktig offentleg institusjon.

Add a comment or suggest edits

Leave a comment or send an inquiry

Share to