Photo: Jernbaneverket region Øst / Kunst i offentlige rom

Nationaltheatret stasjon

Nationaltheatret stasjon ligg sentralt til ved foten av Slottsparken. På den opne plassen utanfor kan ein sjå både Akershus festning, hamna og Studenterlunden, men sjølve stasjonen er nær usynleg i bybildet. Stasjonen har ei lang historie. Allereie i 1928 blei den opna for T-banetrafikk, og i 1980 blei den bygd ut med tanke på togtrafikk, samstundes som Oslotunnelen sørgde for togsamband mellom Skøyen stasjon og Oslo Sentralstasjon. Dei seinare åra har om lag 35 000 reisande vore innom togstasjonen på Nationaltheatret kvar dag, og over 25 000 har reist med T-banen. Mot slutten av 1990-talet blei stasjonen rehabilitert og utvida, og i 1999 opna den på ny, med fire spor og ein ny hovudinngang frå Ruseløkkveien. Nå går Flytoget til Gardermoen via stasjonen, og kapasiteten er nær dobla.

I nedgangen til stasjonen blir passasjerane møtt av ein kunstnarisk omforma teglsteinsvegg som har sine røter i den kunstnariske utforminga av stasjonen i 1980. Ola Enstad (NO) og Bård Breivik (NO) stod bak verket i gangrampa mot Ruseløkkveien, som nå er riven. I naturbetongflatene på veggane var det støypt inn ei rekke skulpturar og andre motiv – og i ein handløpar av stål var det sveisa inn små detaljar som knutar, hender og korketrekkarar. Det er delar av dette verket som nå er reintegrert i vestibylen.

I nærleiken av Enstad og Breivik sitt verk står Erwin Løfflers skulptur Hel form, som blei kjøpt inn i samband med bygginga av daverande Abelhaugen stasjon i 1979. Løffler (1922–2012) kom til Noreg som ungarsk flyktning i 1947 og er kjend for bronse- og marmorskulpturar med abstrakte, mjuke former. Andre skulpturar av han er plassert ved Universitetet i Oslo; Delt form står utanfor Eilert Sundts hus, og Brutt form ved Niels Treschows hus.

I vestibylen finn ein òg ein bend grøn vegg fargesett av Katrine Giæver (NO). Veggen og søylene er behandla med stucco lustro, ein spesiell type murpuss som gjev eit marmorprega fargespel.

Kjem ein vegen frå Drammensveien eller Parkveien, via oppgang vest, blir ein møtt av Terje Roalkvam (NO) sitt verk: 69 fargesterke, glasemaljerte stålkassettar som pregar gangtunnelen ned mot den gamle toghallen. Dei same formene er gjentekne i gangtunnelen som leier ned mot den nye hallen, der ein serie glasfelt er utført med silketrykk og sandblåse glas. Oppgang vest blei i 2015 heidra med Houens Fonds Diplom. I grunngjevinga til juryen blir det mellom anna sagt om verket til Roalkvam at det er «vakkert integrert i de bygningsmessige arbeidene». Roalkvam har òg vore involvert i fargesettinga av resten av interiøret, med brennlakkerte stålboltar i staghylla og betongveggane.

Eit hovudverk i den nye delen av hallen står Anne-Karin Furunes (NO) for. Dei to 250 meter lange bildefrisene er sett saman av 332 rustfrie stålplater, perforert til punktgrafikk og montert på begge sider av toghallen, 25 meter under bakkenivå. På ein del av felta går perforeringa som grå graderingar eller flater med skyggestreif over, og innimellom dukkar det opp motiv av ansikt, badande menneske, bølgjer, blafrande gardinstriper og broderi, ein malstraum og skyer. Dette var Furunes sitt fyrste store offentlege verk. Sidan har ho hatt andre oppdrag, mellom anna ved Henrik Wergelands Hus på Eidsvoll, Telenors nybygg i Bergen og St. Olavs Hospital i Trondheim.

Det blei brukt nær 5 millionar kroner på kunst i samband med nyopninga i 1999. Midla blei gjevne av KORO og Jernbaneverket. Jernbaneverket fekk i 2001 den internasjonale prisen Brunel Award for kunsten på Nationaltheatret stasjon, og stasjonen har fått fleire prisar for samspelet mellom arkitekturen og kunsten og den gjennomførte materialbruken.

Add a comment or suggest edits

Leave a comment or send an inquiry

Share to