Photo: Bufdir.no / Kunst i offentlige rom

Bjørgvin fengsel, ungdomseininga

Johannes Høie (NO) har laga tre store veggmåleri til Bjørgvin ungdomseining i Bergen. Dei er laga på frihand, og er inspirert av eldgamle mytar og landskapskunst.

Bjørgvin ungdomseining er ein del av Bjørgvin fengsel. Her er det plass til fire ungdommar mellom femten og atten år. Ungdomseininga er eit ledd i eit nasjonalt prosjekt som skal følgje opp unge innsette. Til Bjørgvin kjem ungdom frå heile landet, både varetektsinnsette og ungdom som sonar ein dom. Eit viktig mål med tiltaket er at barn ikkje skal sitje i fengsel saman med eldre domfelte og varetektsinnsette.

Motiva i dei tre bilda er henta frå ein serie på ti veggmåleri kalla Floodland, som vart laga til utstillingar på Galleri Mejan, Galleri F15 og Stenersenmuseet. Tre av motiva frå serien, nummer 1, 2 og 3, er brukt som utgangspunkt for Høie sitt arbeid på Bjørgvin ungdomseining. Verka er utført i akryl og rett på veggen, ein teknikk kunstnaren har vald for å kunne angripe lokala på ein friare og meir kompromisslaus måte.

Dei tre verka av Høie har fått plass i ein lang korridor som òg fungerer som fellesrom. Kunsten til Høie er teknisk sofistikert, men har samtidig eit røft preg. Den er sanseleg og snakkar direkte til tilskodaren, og har eit uttrykk som både utfordrar og vekker nysgjerrigheit. Kunstnaren speler på formspråket til eldre tresnitt og raderinger, som han tek med inn i sin eigen grafiske teiknemetode med bruk av skraveringar og liner. Dei store, nær draumliknande tablåa kan minne om verk av kjente meistarar som Albrecht Dürer og Francisco Goya. Dei tre måleria på Bjørgvin byggjer på førestellingar om mare incognitum (ukjent hav) ­og ei urgamal verdsåskoding der enden av verda var både ei hending som trua i nær framtid, og ein konkret stad. Og leiter ein, finn ein element frå eldre trykk, kart og landskapskunst i verka.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to