Høgskolen i Bergen

Photo: Hoff, Pål / Kunst i offentlige rom

43 objects

Da det nye høgskulebygget på Kronstad i Bergen vart innvia hausten 2014, vart samstundes tre separate avdelingar ved høgskulen samla i eit felles høgskuleområde. Det markante bygget ligg tett på bybanen og det gamle «studenthuset». Arkitektane bak, hlm arkitektur og danske Cubo Arkitekter, valde namnet «Kobling» til bygningskonseptet sitt på grunn av korleis anlegget både koplar ulike læringsarenaer i eit inkluderande anlegg og koplar høgskulen og byen.

Det er til saman sju kunstverk i og rundt høgskulen, som alle er basert på teikningar. Anne-Gry Løland sitt verk Kobling dekkjer fleire av fasadane og bryt med den stramme forma til bygningane. Hòl i tre ulike størrelsar perforerer aluminiumsplatene som dekkjer store delar av bygningskroppen. Hòla dannar mønster som mellom anna er basert på barokke mønsterførelegg og flate geometriske element. På avstand er dei nesten leselege, på nært hald er dei som eit flimrande filter av lys og skugge.

I foajeen, «torget» til høgskulen, står Lutz-Rainer Müller og Stian Ådlandsvik bak eit tredelt verk som reiser spørsmål ved korleis vi ser på verda. Eitt av verka er ei projisert sol basert på sola sin bane på det nøyaktig motsette punktet på jordkloden, eit anna er ei linse som snur den synlege verda på hovudet, og det siste er ei såpeboblemaskin som kvart femtande minutt produserer ei svær såpeboble som svever utover det store rommet.

Leonard Rickhard har laga ei veggteikning på den delen av kantina som ligg nærast studenthuset. Arbeidet er utført rett på veggflata og viser eit nett av ruter, der kvar rute er fylt med teikna køyretøy, maskiner og bygningar, kjende motiv frå tidlegare verk av Rickhard. Dette er fyrste gong han arbeider med teikning på ei så stor veggflate.

Indiske Nirmal Singh Dhunsi har laga eit måleri langs ein seksti meter lang korridor i underetasjen. Ei rekkje av tre dannar konstituerande element i det sinnrike verket, der det utfaldar seg scener med figurar henta frå norsk, amerikansk og indisk litteratur og mytologi.

I eit rom med stor takhøgde i tredje etasje har finske Päivi Laakso fylt veggflater og vindaugskarmar med dansande, rytmiske figurar. Verket, med namnet "The Way We Move", har eit energisk, nesten skisseaktig preg over seg.

I tillegg til dei store og markante verka ønskte kunstutvalet seg verk med ei meir overraskande plassering og uttrykk, og som gjerne hadde noko gåtefullt og humoristisk ved seg. Snorre Ytterstad står bak to verk i kantina som fyller denne rolla. Eitt av dei er integrert i bygningskroppen gjennom eit kutt i overflata: I "Cut #6", med undertittelen Armlengdes avstand, er eit kronestykke transformert til eit sagblad som kuttar eit sirkulært spor i veggen, fram til krona – utslite av strevet – sit fast i sporet. Ytterstad har laga kuttet i veggen ved å gjere ei sirkelrørsle med armen, slik at radiusen på sirkelen er definert av lengda på armen hans.

Det er også sett av ressursar til tidsavgrensa kunst, som vil settast i gang hausten 2015.

Add a comment or suggest edits

Leave a comment or send an inquiry

Share to