Yes/No

Photo: Nilsen, Kjartan Abel / Kunst i offentlige rom

Hausten 2011 stod to femti tonn tunge panservogner i kampstilling mot kvarandre utanfor Operaen i Bjørvika. Stridsvognene var måla kvite, med orda YES og NO i FN-inspirert blått. Med verket YES/NO stilte Morten Traavik spørsmål ved Noreg sitt ambivalente forhold til militære intervensjonar i utlandet.

Traavik var i 2010 tilknytt Forsvarsmuseet på Akershus festning som den fyrste «forsvarskunstnaren» i landet. Her utvikla han prosjektserien HÆRWERK, med til saman fem prosjekt. Eitt av dei, Honest John, bestod av ein åtte meter høg atomrakett frå den kalde krigen med ein kondom trædd over seg. Då den daverande russiske presidenten Medvedev skulle komme på besøk til Oslo i 2010, vart raketten flytta på førehand.

Prosjektet YES/NO skulle stå ferdig same året, med stridsvogner frå det norske forsvaret, men prosjektet vart stoppa etter påtrykk frå forsvarsleiinga. Forsvaret si negative haldning gjorde Traavik meir oppsett på å gjennomføre prosjektet, og han forhøyrde seg hos det svenske forsvaret. Av dei fekk han låne to stridsvogner av merket Centurion. Vognene vog over hundre tonn. Dei vart frakta over grensa, og på ein lakkeringsverkstad i Lørenskog vart dei spraya om frå militærgrønt til FN-inspirerte fargar: kvit botn med blå bokstavar. Deretter vart dei plassert i kampstilling på kaia utanfor Operaen i Bjørvika, og verket vart innvia med flaggheising og konsert.

Musikkvideoen «Eg er min eigen fiendsmann» inngår som ein del av YES/NO. I videoen blir dei to stridsvognene bemanna av bandet Himeriksskvadronen, som fører dei frå lakkeringsverkstaden til Bjørvika.

I byrjinga var YES/NO ein kunstnarisk kommentar til såkalla «humanitære intervensjonar»: vestlege militære intervensjonar som forsøker å innføre humanisme med tvang. Men da Forsvaret stoppa prosjektet, fekk verket ei utvida meining. 19. august 2011 publiserte Traavik teksten «Norge mot Norge» i vekeavisa Morgenbladet. Teksten byrjar slik: «Har vi plass til 100 tonn skamløs selvmotsigelse og tvil under den nye takhøyden vi har lovet hverandre?»

Add a comment or suggest edits

Leave a comment or send an inquiry

Share to