Langeleiken - heile Noregs instrument

Photo: Valdresmusea as

Langeleiken – heile Noregs instrument.

Fredag 14. november opna «Langeleiken – heile Noregs instrument» på Valdres Folkemuseum. I sentrum for utstillinga står ein 200 år gamal langeleik frå Det kongelege slottet, i tillegg til 37 andre instrument frå Valdresmusea sine eigne samlingar, samt samlingane ved Bergen Universitetsmuseum, Norsk Folkemuseum, Ringve Musikkmuseum, Tinn Museum og Jølstramuseet. Privatpersonar har òg bidrege med lån av instrument til utstillinga.

«Langeleiken – heile Noregs instrument» er ei viktig utstilling som opnar auga våre for rikdomen og mangfaldet i eit historisk instrumentmateriale. Med utstillinga «Langeleiken – heile Noregs instrument» skriv Valdresmusea nordisk museumshistorie. Av dei 25 langeleikane som er utlånt frå Norsk Folkemuseum, høyrer 17 av dei til det som har vorte kalla «Den norske samlinga», ei samling etablert i 1875 av grunnleggaren av Nordiska Museet i Stockholm, Artur Hazelius. Sidan 1983 har over 9000 gjenstandar frå denne samlinga kome tilbake til Noreg og aldri før har ein så stor del av «Den norske samlinga» vorte vist fram.

Direktør ved Norsk Folkemuseum, Olav Aaraas, stod for den offisielle opninga av utstillinga. Stortingspresident og leiar i Foreningen Norden, Olemic Thommessen, var også til stades.

10 related items

Share to