Photo: Isaksen, Trond A. / Kunst i offentlige rom

Krigsskolen på Linderud

1 object

Target Control [Veggmaleri]

Ideen bak ein radar er enkel. Apparatet sender ut signal som møter eit objekt, som deretter blir sendt tilbake til ein mottakar. For dei av oss som verken har vore i styrerommet på eit skip eller i kontrolltårnet på ein flyplass, og som assosierer uttrykket «dopplereffekten» med ein roman av Erlend Loe, er radaren noko vi kjenner best frå populærkulturen, det vere seg filmar, bøker, dataspel eller teikneseriar. Det er slike førestillingar om radaren dei to kunstnarane tok utgangspunkt i da dei fekk i oppdrag å lage eit kunstverk til eit nybygg på Krigsskolen på Linderud.

Krigsskolen vart opna i 1750 og er den eldste institusjonen for høgare utdanning i landet. Lenge heldt offisersskolen til i Tollbugata i Oslo sentrum, men i 1969 blei den flytta til Linderud utanfor bykjerna. Krigsskolen tilbyr i dag ei treårig leiarutdanning for offiserar, og dekker dessutan fagområda militærmakt, leiing og landmakt, ingeniørfag og logistikk, sistnemnde i tilknytning til avdelinga Operativ. Eit nytt undervisningbygg vart reist i 2012, som ei forlenging av hovudbygningen. Arkitekturen er enkel og funksjonell, og innvendig dominerer kvite og reine flater og store vindauge.

"Target Control" er eit 11 meter langt og 3,5 meter høgt emblem som dekker korridoren mellom vestibylen og grupperomma. Store vindauge på den eine sida har utsyn mot eit utandørsatrium. Utgangspunktet for verket til Blaker og Henningsen er eit konstruert radarbilete som peiker mot eit område på eit fiktivt kart, der koordinatane viser til den faktiske plasseringa til Krigsskolen og datoen verket vart skapt. Verket er måla direkte på veggen. Grøntonane i måleriet minner om kamuflasjedraktene som blir brukt i Hæren. Radaren kan tolkast som eit symbol på Hæren sitt forsvar av landområde i Noreg, men kan òg vise til korleis Forsvaret er orientert mot omverda.

Add a comment or suggest edits

Leave a comment or send an inquiry

Share to