Photo: Sogn og Fjordane Kunstmuseum / SFKM - Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Pop-up utstilling 8. mars

Popup-utstillinga til 8. mars

Elisabeth Steen

Fødd i 1945 i Oslo, busett på Stårheim.

Elisabeth Steen vart utdanna bilethoggar ved Statens Kunstakademi i 1975, og debuterte på Statens Haustutstilling i 1973. Steen var med i kvinnegrupper på akademiet. Ho var og med på dei fyrste kunstmarkeringane av 8. mars i Oslo. Kunstnaren vonar denne bakgrunnen speglast i arbeida. Som eksempel, kan ein trekke fram leirfiguren Gråtende gravid, som vart stilt ut på utstillinga ”Kvinnen og Kunsten” i det FN-utnemnde kvinneåret 1975.

Om sitt engasjement, uttaler Steen: «Kvinnekampen er ikkje bere for 8. mars. Den er for alle dei andre 364 dagane. Det er viktig no som då».

Anne-Lise Stenseth

Fødd i 1959 i Florø, bur og arbeider i Oslo.

Anne-Lise Stenseth vart utdanna ved Statens Kunstakademi i 1994, og arbeider innanfor fleire medium som video, fotografi, teikning og tekst. Kvinnespørsmål er ifølge henne sjølv eit av fleire sentrale tema i kunsten hennar.

«Kvinnedagen 8 mars er den dagen kvinner kan samlast til markering, nytte ytringsfridomen å vise at vi framleis må kjempe for våre rettar. Ein dag for å vise solidaritet med kvinner over heile verda og vere takksam til dei kvinnene som har bana vegen for oss. Men, ikkje ein gong i Norge har vi lik løn for likt arbeid!

På kvinnedagen kjenner eg fyrst og fremst på stoltheit over å vere kvinne og kunstnar, og energien frå eit internasjonalt fellesskap, men og på uro for dei kvinnene som ikkje vert høyrde», uttaler Stenseth.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to