I Høgsalen møter vi det monumentale verket Interview (1968/2018). Lagd i gjennomsiktig, farga pleksiglas, dannar det svevande kunstverket ein arkitektur som påverkar korleis publik...
1 object
Ho var aktiv i det politiske og radikale kunstkollektivet GRAS på 70-talet, og idéstraumane ho møtte i Europa tidleg på 1960-talet styrkte hennar tru på kunstens politiske og sosiale rolle. Ho la stor vekt på menneskeleg erfaring i kunsten og skapte verk som engasjerte publikum, der dei vart inviterte til å delta aktivt.
Aurdal ønskte å bryte ned tradisjonelle konvensjonar og gjekk vekk frå ideen om kunstnaren som isolerte geni med individuelle uttrykk, til fordel for kollektive eksperiment. Hennar intensjon om å kombinere kunst med sosial interaksjon gav ho ein unik posisjon i kunstlivet. Det faktum at ein kvinneleg kunstnar stod bak dette arbeidet, var heilt utan sidestykke.
Arbeidet hennar vart lite verdsett i samtida, og frå 1980-talet vart det vesentleg stillare frå hennar side. Dei siste ti åra har ho derimot gjort eit oppsiktsvekkande comeback og oppnådd ei anerkjenning som få kunstnarar er privilegerte med. Sogn og Fjordane Kunstmuseum kjøpte Interview i 2021, og verket er det største og mest omfangsrike i samlinga. Innkjøpet er med på å gje Aurdal merksemda ho fortener, og fleire norske museum har i seinare år gjort store innkjøp av kunsten hennar.
Ordet intervju stammar frå det franske ordet entrevue, som igjen er sett saman av dei latinske orda inter («mellom») og videre («å sjå» eller «å møte»). Utstillingstittelen Å møtast er difor ein invitasjon til ein samankomst: eit møte mellom menneske der både kunstverket og Høgsalens arkitektur set tydelege rammer, men samtidig er dei fleksible og «sosiale» nok til å inkludere publikum og sette mennesket i sentrum.
I tråd med Aurdals kunstpraksis, der forholdet mellom form, politikk og menneskeleg erfaring er avgjerande, blir utstillinga ei moglegheit til å omfamne både kunstverket og rommet, samtidig som den opnar for mellommenneskelege relasjonar og utveksling av opplevingar.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».