Photo: Sogn og Fjordane Kunstmuseum / SFKM - Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Hekt

30 object

Det hadde vore tekstilkunstnarar i Noreg

også tidlegare; vevkunstnarane Frida Hansen

og Synnøve Anker Aurdal var akseptert

som kunstnarar. Samstundes var dei alltid

presentert som noko eineståande. Kva måtte

til for å sjå på det å lage kunstverk i stoff

som normalt? Var det til og med mogleg å sjå

forbi kva for teknikk kunstverket var laga i,

slik det var mogleg å sjå forbi ”korrekt”

måleteknikk i måleriet?

Vi veit ikkje sikkert kvifor Sogn og Fjordane

Kunstmuseum har ei av dei sterkaste

tekstilkunstsamlingane i Noreg. Mykje er

samla inn frå miljøet rundt Heimeyrkeskulen.

Frå lærarane sine eigne prosjekt, men òg frå

elevar som sidan vart kunstnarar i sin eigen

rett. Andre delar av samlinga kjem utanfrå, frå

resten av Noreg. Nokon har tatt eit val om at

det er hos oss kunstverka høyrer heime.

Kanskje på grunn av dei lange tekstiltradisjonane

i området?

Det er likevel ein forskjell mellom å vere i

ei samling og å vere vist fram. Kvifor har vi

kunstverk i samlinga som ikkje har vore vist

fram på 30 år, og som no står fram som våre

viktigaste skattar? I HEKT har vi hekta av all

anna kunst, og berre latt tekstilen stå igjen.

Dette er ei første oppreisning til ei oversett

del av vår eiga samling – vi håper det kjem

fleire.

Kurator: Eirin Mailund Svendsen

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to