Photo: Valdresmusea

Kvernhus frå Vang

Kvernhusa i frå Vang

Kvernhusa blei nytta til å male kornet etter at kornet var tørka. Det blei gjort når våren kom. Dei aller fleste gardane hadde kvern og ein lærde seg kjapt korleis ein kunne utnytte vannkrafta i frå elvar og bekker. Nokre gardar hadde mange medan andre kunne dele på ei kvern. Dei såkalla "kvednahusa" sto på steinar nedover ei elv og over fossen demde ein vatnet mot renna på huset.

I Valdres er det bevara ein god del slike kvernhus og på Vennis i Vang står det fleire slike kverner i ein dal. Alle gardane på til dømes Vennis hadde ei eiga kvern som var plassert langs med Leineåna og tilknytta Leinfossen.

Det sto 13 slike kverner her men i 1860 blei dei fleste husa tatt av ein stor flaum, dei er no gjenoppbygd.

På slutten av 1800-talet og inn i 1900-talet blei dei små kvernhusa erstatta med større møller som kunne kverne kornet i betre kvalitet. Kornet som fortsette å bli kverna i kvernhusa blei til dømes brukt til ølbrygging. Det var allikevel ikkje heilt enkelt eller billig for bonden å frakte kornet heilt til ei mølle, så det var ikkje før 1929 då korntrygdlova kom at bøndene begynte for alvor å gå vekk frå kvernhusa og over til dei store møllene. Lova ga eit tilskott til bonden som nytta seg av mølla.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to