Share to
Slavearbeidare under andre verdenskrig på Gossen (Aukra)
By anonymous
Russefangar vart slavearbeidarar på Gossen « Skjebnen til russere, tsjekkere og andre slaviske folkeslag bryr eg meg ikkje om, om dei har eit godt liv eller ikkje, eller om dei s ...
Russefangar vart slavearbeidarar på Gossen
« Skjebnen til russere, tsjekkere og andre slaviske folkeslag bryr eg meg ikkje om, om dei har eit godt liv eller ikkje, eller om dei svelt i hel. Dette interesserer meg berre for so vidt om vi kan bruke dei som slavar.» – Heinrich Himmler.
Kvifor kom det «Russefangar» til Gossen?
Dei sovjetiske krigsfangane i Noreg var importerte slavearbeidarar i regi av den tyske krigs og okkupasjonsmakta. Det har vore rekna på at dei var heile 102.000 personar. Fredsslutninga i 1945 syner at det var 84 775 sovjetiske fangar som vart tilbakesendt til Sovjetsamveldet. Krigsgravtenesta har registrert 12 678 sovjetiske krigsgraver i Noreg, men talet på austeuropeiske fangar som døde var i realiteten langt høgare. Fangeleirane i Noreg tok mot fangar som vart uttransporterte frå Nordfronten og frå hamner i det tyskokkuperte Polen. Det vart oppretta fire hovudleirar kalla «Stalag» for fangar i Sør og Nord- Noreg. I tillegg vart det etablert heile 500 ulike arbeidsleirar her i landet som var underbruk av dei fire hovudleirane.
Fangane på Gossen inngjekk som ein del av eit stort og komplekst fangesystem. Arbeidskrafta deira vart eit verkemiddel som fremma okkupasjonsmakta sin industrielle krigsøkonomi. Hovuddelen av fangane var krigsfangar tekne som soldatfangar i det tyske felttoget på austfronten i det dåverande Sovjetunionen, men eit stort antall fangearbeidarar var og sivile som fekk nemninga austarbeidarar. Nasjonalt sett telte denne gruppa i overkant av 7000 personar. For nordmenn under siste verdskrigen vart dei ulike fangekategoriane frå aust kjent som russerfangar, og dei vart ein del av kvardagslivet i mang ei bygd langs Vestlandskysten eller på Saltfjellet i Nordland.
Fangane og andre tvangsutskrivne arbeidsfolk utgjorde ein enorm ressurs for okkupantane i høve til å få verkeleggjort sine militærstrategiske planar om å trygge Noreg militærstrategisk for okkupasjonsmakta. Vestlandskysten var ein viktig del av det storstilte europeiske kystforsvarsverket som den tyske krigsmakta kalla Atlanterhavsvollen. Den norske delen av Atlanterhavsvollen vart høgt prioritert av dei tyske våpengreinene og gjekk under nemninga «Festung Norwegen».
Dei slaviske folkeslaga vart sett på som mindreverdige i den nazistiske raseideologien, og det prega fangebehandlinga av slavearbeidarar av austeuropeisk herkomst. Det var og av stor betyding for krigsfangar frå Sovjet at Sovjetunionen ikkje hadde ratifisert Geneve – konvensjonen om krigsfangar sine rettigheiter. Det medførde at sovjetiske soldatar ikkje hadde formelle krav på same behandling som fangar frå dei krigførande nasjonane som hadde underteikna konvensjonen. Det medførde at desse fangane ikkje fekk tillating frå tyske myndigheiter til å ta mot pakkesendingar frå Raude Kors.
Russefangane i Nyhamna, på Tangen og i hovudleiren på Riksfjord
På Gossen skal det etter opprekning frå samtidige kjelder ha vore 1056 krigsfangar på øya ved pinsetida i 1943. I 1945 var det 316 fangar att. I tillegg var det tvangsutskrivne arbeidarar.
Av desse var det 600 sivile arbeidarar frå 12 nasjonar. Når ein legg til 1500 tvangsutskrivne nordmenn som arbeidsstokk og 2000 tyske soldatar og befal, peikar det mot eit endra lokalsamfunn og store omveltingar i dagleglivet for innbyggarane desse åra. I tillegg vart 800 fastbuande gossingar tvangsflytta frå heimane sine. Ved juletider i 1941 kom dei første «russefangane» til øya Gossen i Aukra kommune. Fangane skulle etter kvart lære seg å omtale Gossen som «Djevleøya» Mannskapsbrakka ved den nedlagte kvalstasjonen på Nyhamna vart brukt til å innkvartere dei første krigsfangane. Kort tid seinare vart den nye krigsfangeleiren på Riksfjord ferdigstilt og fangane vart flytta dit.
Det vart og etablert ein mindre leir mellom riksvegen og fjøra i Tangenskogen. Brakkene der var spinkle og utan isolasjon. Det var kaldt å bu der når vindane som lokalt kallast «sjellå» her i Romsdalen tok tak. Desse fangane vart berre brukt til arbeid på Tangen. Dei vart sett til å byggje dei militæra anlegga som vart etablert der. Det skal ha vore kring 20 fangar som heldt til der. Nært Smågehaugen rett ved vegen skal det ha vore 12-15 russefangar som budde. Denne fangegruppa arbeidde mest med piggtrådsperringar og anleggsverksemd der i nærområdet. For den delen av Gossen si befolkning som ikkje vart tvangsflytta frå gard og heim vart det eit daglegdags syn å sjå kor fleirtalet av fangane måtte marsjere til flyplassen som var under etablering. Nokre gonger vart dei frakta til tvangsarbeidet ved bruk av lastebilar. Bygdefolket var av den formeininga att fangane i dei små leirane fekk betre behandling enn det som var tilfellet for dei som haldt til i hovudleiren på Riksfjord.
Hovudleiren på Riksfjord vart bygd ut i første halvdel av 1942. Riksfjordleiren var ein relativt stor underleir i nasjonal målestokk. På Gossen var det spesielt utbygginga av flyplassen, men og dei mange artilleristillingane knytt til kyst og luftvernartilleri som vart prioriterte oppgåver for tyskerane å bruke krigsfangar og utskrivne sivilarbeidarar til. Ei tysk oversikt datert 1 juli 1943 syner at det på det tidspunktet var eit vaktkompani på 141 tyske soldatar som hadde som hovudoppgåve å vere fangevaktarar og drive vakthald av krigsfangane.
Fangane vart sett til tungt kroppsarbeid dagleg. Dei arbeidde frå klokka 07.00 om morgonen til klokka 17.00 om ettermiddagen. Ofte vart det enno lengre dagar. I høve til deira helsemessige tilstand vart dette i overkant av kva ein underernært og ofte tuberkuløs person kunne greie å prestere. Arbeidskrava vart livstrugande for mange av dei. I tillegg var dei rettslause personar som vart utsett for vilkårleg mishandling, tortur, og drap. Fangar som rømte og vart tekne kunne vente seg dødsstraff utan formell rettargang og domfelling for å avskrekke andre frå å prøve på rømming. Å rømme frå øya Gossen med sjø på alle kantar var uansett vanskelegare enn frå ein fangeleir nært svenskegrensa i Nordland. I alle høve var det å rømme livstrugande for ein russefange.
Utanom leirane på Gossen vart det etablert fleire arbeidsleirar i Romsdalsregionen for austeuropeiske krigsfangar. Av desse var leiren på Riksfjord klart størst. Mellom fleire leirar kan det nemnast fangar i arbeidsleirar på Julneset, på Sandan på Farstad, og ved Ergan i Bud i Fræna. I Bud var det på det meste 110 polske slavearbeidarar, og 150 fangar totalt. Det var og russeleirar på sørsida av Romsdalsfjorden. Det var leirar for russefangar på Kvitberget på Øverås i Vestnes og ved kystfortet Støttepunkt Rekdal i Øygardsbukta på Rekdal i Vestnes. Nært russebrakka på Rekdal vart ein fange som døydde etter sigande berre provisorisk dekt over av jord og vegetasjon. Det er ikkje kjent kven han var og når han døydde. På Hen i Isfjorden i Rauma og på Vågstranda var det og ein russeleir. Desse leirane hadde stort sett eit belegg på mellom 10 - 50 fangar. Dette kunne veksle noko alt etter kva den tyske hærmakta prioriterte av byggeoppdrag og reint militære prioriteringar.
Mishandling og drap av slavearbeidarar
I boka « Krigsdager og okkupasjonsår i Molde og Romsdal» av Jakob Bolstad vert det skildra ei hending som fant stad den 8. oktober 1942, « En russisk fange som rømte frå Aukra ble i dag tatt av tyskerne i Fræna, angitt av en ung nordmann. Fangen var utsultet, så all tanke på videre flukt var utelukket. Tyskerne trakk sko og strømper av fangen, bandt ham forsvarlig og transporterte ham i bil til Molde. Den norske sjåføren ble innelåst i bilen mens jakten pågikk. Om bord i båten til Aukra ble han bundet til rekken som et annet krøtter, barbeint og dårlig kledt. Til sjåføren sa en av tyskerne at fangen skulle henges i kameratenes påsyn til skrekk og advarsel. Under bilturen til Molde ble fangen mishandlet og skrek hjerteskjærende». Slike overgrep mot krigsfangar var vanleg førekommande i ei rekkje av tvangsarbeidsleirar i eit okkupert Noreg, og var ikkje noko særsyn for fangebehandlinga på Gossen.
I ein rapport frå De norske hjemmestyrkenes avdeling datert 20.juni 1945 ved Hans . W. Rohde kan ein lese følgjande: « Underteikna melder at ein tysk underoffiser på Gossen stadig har mishandla fangane Plotnik og Wisozky over fleire år. Fangane måtte arbeide hardt og fekk lite å ete. Ein gong i januar 1944 gjekk ei gruppe fangar til leiren i 6 – tida om kvelden. Ved vegen var eit potetlager, og fangane tok potet utan lov. Ein av vaktene såg dette, og drap ein fange med to skot. Ein kjenner ikkje namnet på fangen, for han høyrde til ei gruppe som like etterpå vart send til Stordal».
Mange norske kring fjordar og fjell tok fram medmennesket i seg, men det gjaldt ikkje alle. Det er viktig å sjå dette i samanheng med okkupasjonsmakta si konsekvente straff av nordmenn som hjelpte krigsfangar på rømmen. Det var vanleg straff for nordmenn som understøtta fangar å bli sendt til fangeleirar som Grini, eller å verte transportert til tyske tukthus og konsentrasjonsleirar. På trass av dette utsette mange nordmenn seg for stor fare ved å hjelpe fangar på rømmen. I Dalsbygda i Rauma vart fangen Dimitrij Tjerkasov hjelpt til å berge livet av lokalbefolkninga. Tre andre fangar som rømte samtidig med han vann ikkje fridomen. Dei vart grovt torturert og avretta av tyskerane.
Ein del tyskvennlege nordmenn anga fangar: « I ein politirapport datert 23.06.1945 nemnes det at fangane Aleksander Akimon (f.1908) og Sergei Tarason (f.1916) rømde frå Gossen og kom seg til Tresfjord. Der gøymde dei seg i ei løe ei tid, fekk mat og klede av dei norske, og det var meininga dei skulle hjelpast over til Stordal. Ein lokal NS-mann og hirdmann (medlem av det tyskvennlege partiet Nasjonal Samling) fekk greie på dette, kontakta tyskerar på Vestnes, og fangane vart henta, 2.januar 1943. Ein veit ikkje korleis det vidare gjekk med dei».
Ved Aukra kyrkje ligg de ei rekkje minneplater ved hovudporten til kyrkja. Ein del av fangane fekk sin siste kvilestad her, men det er framleis uvisst kor mange fangar som døydde utan å få kvile på nokon kyrkjegard. Dei 30 fangane som er gravlagde ved kyrkja mista livet i tidsrommet mellom september 1942 til juli 1943. Dette var registrerte dødsfall innanfor ei tidsramme på berre ni månader, og med tanke på at det kom fangar for å tene okkupasjonsmakta sin slaveøkonomi frå juletider i 1941, må nok langt fleire ha døydd av sjukdom eller vorte avretta av okkupasjonsmakta. Gravene ved kyrkja synleggjer berre identiteten og namna på 24 av fangane som ligg der. Fleirtalet av fangane som døydde omkom på vinterstid. Hardt arbeid utan noko form for varme klede og dårlege sko, om dei no hadde skopar i det heile, samt mangel på tilstrekkeleg lækjartilsyn og næringsrikt kosthald gjorde dei frå før av avkrefta og underernærte slavearbeidarane sårbare mot naturkreftene.
Eit ljos i form av skjøre vengar
Nokre av dei tyske vaktsoldatane og offiserane viste medkjensle med russefangane. Ein tysk offiser oppmoda to naboar i lokalbefolkninga om å hente ei tønne sild på Rindarøya. Sildetønna vart frakta til Røyrvika. Der vart tønna gøymd av russefangar oppe i myrane. Ved eit anna tilfelle har tidlegare sokneprest i Aukra Johan Julseth fortald om når det vart skapt julestemning for russefangane som arbeidde på Aukra prestegard. « Så kom juleaftan Anno Domino 1942. Med hendene fulle av gåvor frå doktorhuset og andre heimar stod eg og venta på den russiske arbeidstroppa. Eg kom springande opp til vakta som gjekk attom og spurte om det var tillete å gjeve fangane mat på heilage julekvelden. Han vart ståande uviss. Han såg på den andre vakta. Han hadde stansa. Russerane stod og. Truleg skyna dei kva som stod fyre. Dei to vaktene gjekk saman og rådslo. Endeleg kom den eine attende og sa: No skal vi opp i skogen og hogge nokre tre. Kom opp om ei lita stund, så skal vi venda ryggen til og gå bort eit stykke, og so kan de dele ut åt fangane. Eg vart hjarteglad. Ei stund etter var eg på veg inn i skogen. Eg gjekk etter klongen av øksehogga. Det vart stor jubel på fangane. Ei av vaktene greidde ikkje å vere på fråstand lenger. Han kom og hjelpte til med utdelinga og såg glad ut. Det er rart med jula!»
Tidlegare krigsfange på Gossen Aleksej Perminow var krigsfange på øya i tre månader i 1944. Han hadde som jobb å forsterke kanonstillingar og å sprenge ut bunkersar. I 2002 var han for første gong sidan fangetida attende på Gossen, og han nemnte følgjande: «Øya var ikke overbefolket, og jeg husker bare at jeg så to nordmenn under oppholdet. Den ene var en mann som stod og fisket, mens den andre var en blond ung pike. Jeg husker jeg var besvimelsen nær da hun smilte og sa noen vennlige ord. Det ble for meg et bevis på at det fantes en annen verden og et annet liv».
Det ligg framleis fint trearbeid i form av utskorne fuglar med skjøre vengar i nokre heimar i Aukra. Desse små gjenstandane vitnar om netthendte slavearbeidarar sine takknemlege gåver til lokalbefolkninga. Ungane var spente på om dei fekk «fuglar« eller andre leiker av tre som russefangane hadde laga i leiren. Mange stader i Noreg der det var krigsfangeleirar vart desse gåvene kalla «russefuglar». Ofte var dei utforma i spon eller i ein del tilfelle i korkmateriale. Russefuglane har ei tradisjonsarv ved seg. Fuglane har i lang tid vorte brukt som ei vennskapsgåve som symboliserar fridom og fred i russisktalande område.
Born og vaksne på Gossen stakk til dei utarma fangane ein potet eller ei sild når dei meir barmhjertige av vaktsoldatane snudde ryggen til slike hendingar. Bygdefolket la av og til frå seg ei matpakke i gråpapir. Mange tyske vaktsoldatar var svake for norske born, og det kunne gjere det enklare og mindre riskabelt for den norske sivilbefolkninga å hjelpe fangane når borna kom med mat til fangearbeidarane.Nokre gonger kunne russefangane seie: « I dag god vakt». Då var det trygt å gje fangane mat. Motsett sa fangane ifrå til ungane om det var ei streng vakt. Harry Oterhals frå Oterhalsen som var 6 år gammal i 1940 erindra: Russefangane gjorde eit sterkt inntrykk på oss ungar. Dei hadde ikkje sko på føtene, men striesekker som dei bant kring foten og leggen. Dersom vi var heldig, lest ikkje den tyske vakta sjå når vi ga fangane mat. Andre gonger var det «sinte» vakter som jaga oss heim med ein gong. Enkelte var svært brautande og skarpe, ropa kommandoord og slo fangane med geværkolben, andre behandla som sagt fangane bra.
Desse små treffa ein vinterbleik morgon må ha vekst seg store for slavearbeidarar som svalt, for vaktsoldatar som såg ein annan veg, og for dei fastbuande som fekk moglegheita til å vise fram medmennesket i seg til dei som trengte det mest. Slike møte skapte noko vakkert på Romsdalskysten. Fangane vart råka av eit ljosstreif i det inhumane mørkret dei vandra i.
Kjelder:
https://no.wikipedia.org/wiki/ Russerfangene i Norge under andre verdenskrig
Breivik Paul, Aukra Gjennom Tidene. Årbok 1993. Okkupasjonsåra
Bolstad Jakob, Krigsdager og Okkupasjonsår i Molde og Romsdal. Romsdal Sogelag. Molde.1995
Diverse forfattarar. Aukra Gjennom Tidene. Årbok 1995. Krigsår og Fredsfeiring
Huse Knut, Den tapte krig. Møre Forlag Fræna Trykk . Elnesvågen.1985
Romsdals Budstikke. Artikkelen – « Krigsfange vendte tilbake». 07. 07. 2002. Erindringar frå tidlegare fange på Gossen Aleksej Perminow
Singelstad Media, Dimitrijs Spor. Krigsdokumentar om russisk krigsfange. Isfjorden. Rauma. 2007
Vestnes Sogelag, Tekstinformasjon ved kystfortet i Øygardsbukta på Rekdal
Muntlege Kjelder:
Svein Rød
6 objects
Metadata
- Date publishedMarch 15, 2016
- Date updatedMarch 15, 2016
- DIMU-CODE021096302498
- UUID8d8b09b9-c7fc-4be6-ab6a-aae8d3dee45b
Send an inquiry
Your message will be sent to DigitaltMuseum.