Frå 1890 til 1972 blei det produsert gardiner på Nygårdstangen i Bergen. Ein kan framleis skimte namnet Tangens Gardinfabrikk på mursteinsbygningen i Lars Hillesgate, der fabrikken ...
Frå 1890 til 1972 blei det produsert gardiner på Nygårdstangen i Bergen. Ein kan framleis skimte namnet Tangens Gardinfabrikk på mursteinsbygningen i Lars Hillesgate, der fabrikken heldt til i 82 år. Fabrikkbygget til det som var Noregs eldste gardinfabrikk husar no Fretex.
I 1881 kjøpte 20-åringen Anton F. Simonsen tomt på Nygårdstangen for å starte gardinfabrikk. Fabrikkbygningen og maskinene blei dyrare enn venta, og Simonsen hadde ikkje nok kapital til å kome i gang med produksjonen. I 1882 slo han seg konkurs og eigedomen blei kjøpt opp av den velståande handelsmannen C. Sundt, som overdrog fabrikken til sonen Christian Gerhard. Fabrikken vaks og i 1896 var arbeidsstokken på 225-250 kvinner og menn. Med moderne maskineri og rasjonell drift satsa Sundt på eksport: først til unionslandet Sverige, og seinare til andre land. Tidleg på av 1900-tallet vart Tangens-gardiner eksporterte til heile verda.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».