Nokon gong lurt på kva folk likte å lese for over 200 år sidan? Då kan boksamlinga til Nordfjord Folkemuseum vere ein god start! Den boka vi har absolutt flest eksemplar av i boksa ...
Nokon gong lurt på kva folk likte å lese for over 200 år sidan? Då kan boksamlinga til Nordfjord Folkemuseum vere ein god start! Den boka vi har absolutt flest eksemplar av i boksamlinga vår er huspostillen Evangeliske Hierte-Speyl. Har du høyrt om den før?
Den tyske superintendenten, Henrich Müller, var ein populær oppbyggingsforfattar. Han vart oversett til dansk i 1704. Bøkene hans vart svært populære. Spesielt huspostillen Evangeliske Hierte-Speyl fekk stor utbreiing. Mange har sidan lese i "dr Müllers huspostill" i det svake lyset frå kolen (lyset).
Ordet postill kjem i frå det latinske uttrykket Legenda post illa verba evangelii. “Å lese desse orda i evangeliet”. Hovudinnhaldet var evangelietekstane for alle søndagar og heilagdagar gjennom kyrkjeåret med tilhøyrande forklaringar. Den var å finne i dei fleste heimar, til bruk under husandaktene. Det var heller ikkje uvanleg at prestar nytta huspostillen under preikene sine i den første tida etter reformasjonen.
Tidleg i Nordfjord Folkemuseum si historie vart det samla inn ei stor mengd gamle bøker. Innsamlinga er først og fremst i frå Indre Nordfjord . Blant desse bøkene er ein stor part huspostillar. Enkelte huspostillar er det langt fleire eksemplar av enn andre. Boka det utan samanlikning er flest av er Henrich Müllers Evangeliske Hierte-Speyl; folkefavoritten.
Henrich Müller skreiv i ein ortodoks tradisjon. Det er verdt å merke seg at ein ortodoks huspostill fekk så stor utbreiing blant ein allmuge som levde etter pietismens fromme levereglar. Dette kan vere eit døme på korleis ulike kyrkjehistoriske tradisjonar verka tilsynelatande konfliktlaust i allmugens religiøse praksis.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».