I ei tid då bøker var kostbare var skillingstrykka eit gledelig alternativ for den leselystne som ikkje hadde klingande mynt i lomma.
I mange heimar kan vi framleis finne gamle st ...
I ei tid då bøker var kostbare var skillingstrykka eit gledelig alternativ for den leselystne som ikkje hadde klingande mynt i lomma.
I mange heimar kan vi framleis finne gamle staslege bøker som har vore i familiens eige i over 100 år. Desse bøkene er ofte store skinninnbundne biblar eller forseggjorte salmebøker. Dette er bøker som i si tid var dyre. Ei investering å rekne.
Men om ein ikkje hadde pengar til å kjøpe seg ein flott skinninnbunden bibel eller huspostill, fanst det alternativ. Dei fleste boktrykkarar gav ut små trykk ein kunne kjøpe for ein billig penge. Trykk som vart publisert i hundrevis, lest, sunge og seinare gløymt. På 1800-tallet gjekk desse trykka under fleire namn; Skillingstrykk, skillingsvise, gateviser eller pamflett er nokre nemningar. I dette høvet vil vi nytte skillingstrykk.
Trass i at skillingstrykka berre består av nokre ark i papir, har Nordfjord Folkemuseum opp til fleire. Klikk deg gjennom gamle viser og forteljingar!
8
objects
Metadata
Date publishedNovember 5, 2014
Date updatedNovember 13, 2014
DIMU-CODE021095500187
UUIDa031042f-b447-11e3-9c08-84616f1c78b1
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».
Send an inquiry
Your message will be sent to Nordfjord Folkemuseum.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».