Boksamling eigd av Ivar Aasen
Ivar Aasen bygde opp ei svært innhaldsrik boksamling på 2400 titlar som utgjer 28 hyllemeter. Interessene hans femnde vidt, frå tradisjonskunst og en ...
Boksamling eigd av Ivar Aasen
Ivar Aasen bygde opp ei svært innhaldsrik boksamling på 2400 titlar som utgjer 28 hyllemeter. Interessene hans femnde vidt, frå tradisjonskunst og engelsk humor til språkvitskaplege avhandlingar.
Heile samlinga blei registrert hausten 1945 av universitetsbibliotekar Kaare Haukaas og lista blei gitt ut som trykt katalog i 1946 med tittelen Lista yver Ivar Aasen-boksamlingi.
Ein stor del av boksamlinga er stilt ut i Aasentunet saman med andre gjenstandar eigd Ivar Aasen.
Ivar Aasen hadde ei rekkje merknader i bøkene sine. Dei kan ein sjå i form av små kryss eller strekar. Alle desse merknadane er fotografert.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».