Bombinga av flytedokken på Laksevåg i 1944

Nettutstillinga er laga til 60-årsmarkeringa 11. september 2004. Ho er eit samarbeidd mellom Digitalarkivet, Statsarkivet i Bergen og Foreningen Norges Døvblinde (FNDB).

I 1940 bestemte tyskarane seg for å bygga ein ubåtbunker i Nordrevågen ved Laksevågneset. I området som tyskarane hadde sett seg ut, var det allereie ei rekkje bustadhus, men både desse og reparasjonsverkstaden til Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) lenger ute på neset, vart beslaglagde og raserte. Ubåtbunkeren, "Bruno", tok form frå 1941. Dei allierte såg med uro på dette prosjektet.

Som nabo i Sørevågen hadde tyskarane BMV sin reparasjonsverkstad med både tørrdokk og flytedokk. Ut over i krigen kravde tyskarane førsteretten til å bruka slippen og dokkane til BMV for dei krigsviktige reparasjonane sine. Dermed vart det eit krigsmål for dei allierte.

Teikninga er laga av engelske etterretningsorgan etter flyfoto og rapportar frå Bergen. Det nærast kvadratiske området til venstre på teikninga var tyskarane sin ubåtbunker, Bruno. Litt lenger til høgre på kartet er Sørevågen, der BMV haldt til. Flytedokken til BMV ser me lengst oppe til høgre på teikninga (klikk på teikninga for å sjå det i større utgåve).

Kring om i Bergen sat fleire agentar og telegrafistar og forsynte engelskmennene med informasjon. Den militære leiinga i London var difor godt orienterte. Flytedokken på Laksevåg vart peika ut som det høgst prioriterte målet av britane.

Utklippet er frå ein britisk etterretningsrapport som i detalj skildrar flytedokken og det næraste området ikring. Rapporten er henta frå arkivet til Distriktskommando Vestlandet (DKV) i Statsarkivet i Bergen.

Den 9. april 1944 gjorde engelskmennene eit mislukka forsøk på å sprenga flytedokken. I staden for å ta flytedokken tok dei i staden det tyske lasteskipet "Bärenfels" som låg ved dokk. Ingen nordmenn omkom i dette angrepet, men det vert sagt at nokre tyskarar omkom og fleire vart skadde.


Det neste forsøket, den 11. september same året, var derimot "vellukka". Flytedokken vart senka, men 16 norske arbeidere ble drept der og da. I tillegg vart ein av arbeidarane så hardt kvesta at han døydde av skadane 28. november 1944. Fra 18. til 23. september vart dei omkomne som til då var funne, gravlagde. 1 1/2 månad seinare råka krigen Laksevåg på ny då Holen skule vart truffen av bomber.


Teksten her er bygd på materiale frå Bjørn Davidsen, og interesserte kan lesa meir om sprenginga av flytedokken på Laksevåg i hans artikkel Flytedokken skal senkes!.

Sjå også Digitalarkivet si utstilling om eksplosjonsulukka i Bergen 20. april 1944.

      Share to