• Photo: Knud Knudsen (Opphavsrett)
  • Photo: Øyvind Gjerde (Opphavsrett)

Borgstova på Os prestegard

Prestegard er nemnd på Os allereie i 1240; mest sannsynleg har her vore prestar frå før 1100-talet. Prestegjeldet dekkja både Os, Samnanger og Fusa. Borgstova er ei tradisjonell røykstove, men noko større enn vanleg. Ho har til dømes 3 vaglebitar mot 2 til vanleg.

Veggane er tømra (lafta). Kledninga på utsida er av nyare dato. Langs veggane var opphavleg det jordfylte benkjer - jorda isolerte mot kulda. Eldstaden midt på golvet fungerte som omn og “komfyr”. Røyken la seg oppunder taket, og dreiv ut gjennom ljora; eit hol i taket. Vindauga er komne til seinare, opphavleg var ljora einaste opning utanom døra. På austsida av stova er sett opp ei tømra kove; eit soverom, og ein svalgang. Dette kom sannsynlegvis og seinare. 

Kring 1650 vart det bygd ei glasstove på 2 etasjar vegg i vegg med Borgstova (sjå foto), og det vart sett inn dør mellom bygningane. Det nye huset vart då prestebustad, medan gamlestova fungerte som "prestekontor", der borgarane møtte presten. Dette er opphavet til namnet "Borgstova".


Kikedalsbonden

 

Ei segn frå Fusa fortel om Kikedalsbonden (den siste brukaren i Kikedalen ved nordenden av Gjønavatnet)) som vart ven med presten i Os, og besøkte han i prestegarden ei jul. Der vart han smitta av svartedauden, og tok med seg smitta tilbake til Kikedalen. Han sjølv og heile huslyden omkom, og garden vart aldri meir drive. Dersom Borgstova sto i prestegarden kring 1350, slik ein reknar med,  kan det ha vore i denne stova presten tok imot Kikedalsbonden.


Share to