Målarane kom til Telemark


På 1800-talet kom mange av dei store og kjende målarane til Telemark, mellom andre Flintoe, Dahl, Tidemand, Gude og Werenskiold. Det var folkekulturen, landskapet og lyset som trakk. Og dette skulle stå ved lag for fleire generasjonar målarar.


Blant dei mest kjende måleria frå den nasjonalromantiske perioden er to av Erik Werenskiold (1855-1938) sine bilete, En Bondebegravelse og Fra Telemark, med dei stakkekledde jentene ved skigarden. Desse blei måla i Sauherad.


Bøheringen og målaren Torleiv Stadskleiv (1865-1946) var eit samlingspunkt for mange av dei tilreisande målarane på denne tida. Han blei nær ven med Halfdan Egedius (1877-1899), som døde så ung, men som etterlot seg mange stemningsfulle måleri frå opphaldet i Telemark, mellom anna Lørdagskveld og Spill og dans.


Det var fyrst til Sauherad, Bø, Seljord og Kviteseid at dei fleste kunstnarane kom. Utover 1900-talet fann stadig fleire vegen lenger nord og vest. Flatdal blei etterkvart det nye samlingspunktet for kunstnarar i Telemark. Her leigde folk  bort husa sine til kunstnarfamiliar, og flytte sjølve over i eldhusa for sommaren. Nutheim kunstnarhotell er ei vidareføring av dette. Frå Flatdal reiste målarane også til bygdelaga i kring for å måle, både til Svartdal, Hjartdal, Dyrlandsdalen og Åmotsdal.


Ein av dei som viste veg til dei øvre bygdene var Henrik Sørensen (1882-1962). Han budde ei tid på Prestegarden i Hjartdal (Holm). I 1925 måla han det velkjende måleriet Fra Hjartdal. I fylgje oppgåva «Min brud og mitt hjerte!  Henrik Sørensens forhold til Telemark og Telemark-tradisjonene i norsk kultur» av Målfrid Ravnåsen Vangen var det fyrst frå denne perioden ein fekk sjå han som «en kunstner som er integrert i det landskapet han maler ved at han får frem det skjulte». Biletet er måla frå Magasinbakken like ned for kyrkja. Namnet Magasinbakken kjem av at det var her kornmagasinet for bygda ein gong stod. Hjartdalsspelemannen Kjetil Finsekre stod modell for biletet Myllarguten. Dette er måla i det same området, med utgangspunkt i Egderudfossen.


Sørensen var også ein inspirator for Harald Kihle (1905-1997), og råda han til å ta turen til Hjartdal. Her måla Kihle mellom anna Steinkjørere i Ambjørndalen og Høyonn i Hjartdal. Han gav sjølv uttrykk for at han fann noko spesielt da han sommaren 1922 kom på sykkel via Seljord og Flatdal til Hjartdal; «Det var menneskene og den gamle bondekulturen som var så forankret i Hjartdølerne, det var det gamle vidunderlige tunet og naturen om kring».


Mange fleire både kjende og mindre kjende målarar som har måla frå Hjartdal og grannebygdene kunne vore nemnde. Vil du vite meir om dette emnet kan du sjå til Hjartdal historielag sine årbøker frå 2011, 2013 og 2014, eller ta ein tur til kunstnarhotellet Nutheim i Flatdal.  


Ynskjer du eit føredrag eller ei omvising med utgangspunkt i dette eller andre emne i den digitale kulturlandskapsruta, kan du også kontakte Kulturlandskapssenteret i Telemark. Kontaktinformasjon finn du på heimesida, www.kulturlandskapssenteret.no. Den digitale kulturlandskapsruta er støtta av Hjartdal kommune. 


Hjartdal 30.04.2015, Ingvill Marit Buen Garnås, Kulturlandskapssenteret i Telemark

Share to