Hovland - På historisk grunn i Hjartdal

Ein post i Hjartdalsforteljingar (Den digitale kulturlandskapsruta). Ei kort forteljing om gardsnamna, hovet og tingstaden i det gamle sentrumet av bygda.

Gamle stadnamn og over tusen år gamle gjenstandar ber vitne om store og små hende som har føregått i området du no står i.

Namnet Hovland ber vitne om at det har vore ein heidensk heilagstad, eit hov, i området. Hovland er skilt ut frå den eldre garden Åbø. Hovet låg såleis opphavleg på Åbø, som etter namnet å døme er ein av dei eldste gardane i bygda. Bø er det eldste ordet for gard. Åbø tyder heilt enkelt garden ved åa. Eksakt kvar hovet låg, veit ein ikkje.

På Hovland ligg også Tinghaugen. Denne er godt synleg frå Holmsvegen. Du ser den rett ovanfor og litt vest for tunet på Sud-Hovland, slik dette ligg i dag. I fylgje segna var det på denne namngjevne haugen at dei fyrste hjartdølane samlast om lov og rett.

Rettssystemet med lokale ting er eldgamalt, men blei fyrst formalisert ved ei kongeleg avgjerd i 1633. Det er få skriftlege kjelder frå før denne tid. Lokalhistorikaren Tov Reisjå såg for seg at det i gamal tid var leiaren ved hovet, den såkalla goden, som også styrte tinget. Akkurat det er berre spekulasjonar, men mykje makt ser i alle tilfelle ut til ha vore samla i dette området. Segna seier også at det var den velståande bonden på Åbø som bygde den fyrste kyrkja i bygda. Vesleburet på Åbø skal ha hatt den same byggmeistaren, og tidlegare stått attmed den gamle stavkyrkja nede på Holm, som tiandebur for såkorn. Vesleburet har findalslaft, og er frå før Svartedauden.   

Det er, sett i forhold til all aktiviteten som må ha vore her, få arkeologiske funn frå Åbø og Hovland. Men det er funne ei grav frå yngre jarnalder, nærare bestemt vikingtid og ca. 900 e. Kr på Hovland. Her fann ein mellom anna ei øks, eit sverd, ei perle frå eit smykke og restane av ei karde (til å karde ull med). Ei vevskei tidfesta til same epoke er funne utanom grava. Desse funna er kanskje ikkje så originale i seg sjølve, men dei gjev oss likevel konkrete og klåre bilete av livet i dette landskapet for over 1000 år attende.

På Sud-Hovland gjestegard kan du tinge både mat, overnatting og vertskapet kan fortelje deg meir om garden. Ynskjer du eit føredrag eller ei omvising med utgangspunkt i dette eller andre emne i den digitale kulturlandskapsruta, kan du også kontakte Kulturlandskapssenteret i Telemark. Kontaktinformasjon finn du på heimesida, www.kulturlandskapssenteret.no. Den digitale kulturlandskapsruta er støtta av Hjartdal kommune.

Hjartdal 30.04.2015, Ingvill Marit Buen Garnås, Kulturlandskapssenteret i Telemark

Share to