Strandsitjarane i Solvorn

Strandsitjarane var dagarbeidarar. Mange arbeidde rundt om på gardane, og litt seinare reiste dei ut og tok seg arbeid. Det var ulike handverkarar. Her var skomakarar, smedar, snikkarar og fiskarar. Det var 6-7- stykker som var manntalsførde som fiskarar midt på 1800-talet. Det var ulike yrker som var representert i desse stovene her.  

Du hadde strandistjarmiljøet her, så utvikla det seg ei handlegate med forretningar her. Så hadde du sveitsarhusa og så kom gardane bakom. 

Forferdane mine var 10 stykk i ei lita stove. Strandsitjarstovene var mellom 30 og 40 kvadratmeter. Det var ei stove, eit kammers, eit lite kjøkken og ein liten hems. Ofte var det slik at når den yngste vart fødd så var den eldste flytta ut.

Share to