History
-
Loftet stod på Nord-Reisjå (Nistugu) , gnr. 111, bnr. 1
Museumslaget fekk kjøpt det av eigaren Kjetil Tjønn.
Det er ikkje liketil å få tak i eit gamalt loft i dag. Det høyrdest litt ymt om at det var avertert og tenkt seld til Oslo. Ivar Dahl, som då var formann, merkte seg dette og drog med eingong upp og fekk kjøpe loftet for kr. 25.000.
Upprinneleg er det bygd på Reisjå ( Uppistugu), bnr. 2 (matr.k. 1905) og vart seld til Nistugu. Der var loft frå før. Båe lofta snudde oppover, eller om lag mot nordøst.
Mannen som har namn og årstall under loftsglugget K.F.S.R 1796, var Kittil Folkvardsen f. 1753 ( nemd under Reisjåstugo). Han var eigar av garden, der ætta har vore lenge, og har kosta upp loftet.
Loftet er altso bygt i 1796. Det er verken ”Timbermann” eller Halvor Solheims arbeid. Dei var smågutar på den tid, og kven byggaren er kan me ikkje gje noko skikkeleg svar på.
Loftet er stort, større enn dei vanlege loft i bygda, og er sett av støleg furuvirke. Det synes forresten å vere lagt inn nokre vegger or eit anna og eldre hus.
Stolpane under er fint fråseg gjorde, med lekkjeskurd og forsiringar. Dei same mønster er på loftsstolpane.
Utskurden rundt loftglugget er vanleg flatskurd utan smøyging og er mindre avseg gjord.
” Skjæltèle” i ”loftrøån” (taktroa) er av furuflak og er godt vedlikehaldne. Over døra syner det merke etter tjørukrossar – vern mot trollskap. Det er to telgde furuplankar i døra og eit svært solhjul er innsnirkla. Der er også noko som kan likne på eit bumerke.
Dei to sengene som høyrer loftet til, er eit særs fint arbeid. Veven er av same slag arbeid, og eit par fjøler or loftet med årstalet 1763 og bokstavane S. Og R. Det kunne vere Svein Reisjå, men i dei tider var det som ei heilag plikt å ta farsnamnet med.
Det er den same utsmykking og gjerd – innprikla mønster - som på senga i Reisjåstugo og skåp ifrå Haugen. Det er truleg av den same ukjende mester som ein ser mange spor etter i bygda. Særeige er det fine verket som alltid er nytta i det han har gjort.
Men attende til kven som har bygt loftet: Då ligg det nær å tenke på førnemde Holger Holgersen frå Øveland, ”Eldhus`n”, f. 1743. Halvor Høgkasin var uppteken med kyrkjebygging på denne tid. Andre – pånær den mystiske ”Loftsbyggjaren” som me skal høyre litt om seinare – har me ikkje greie på.
Loftet på Bygdetunet saman med nokre fleire frå slutten av 1700-talet, tykkjest meire emnegrove og av ei meire førlagd stilart som kanskje kunne passe til det me har høyrt om Eldhusen. Eldhusen var ein tilårskomen mann på denne tid. Om det var han, vil me ikkje påstå.
Etter nyare upplysningar er Reisjåloftet uppsett av tinndølar som var her og bygde. Dei bygde også loftet på Sud-Reisjå 1786. Namna deira veit me ikkje. Dette er fortalt av Øystein Reisjå. Men her var i alle fall ein dei kalla ”Loftsbyggjaren”.
Loftet i Greivjord er bygt på same tid 1797. Det var då Halvor Høgkasin bygde kyrkja.
Det går ei segn om ein i Bøen som skamskar seg med han sat og åt. Det gjekk slik til at han slepte slirekniven som han åt med. Av gamal vane slo han føtene i hop og fekk odden i låret så han heldt på å blø ihel. Dei sende bod til loftsbyggjaren, som dreiv og sette upp loftet i Greivjord. Han kunne ”stemme blod”, og no var det ikkje å vente. Då han fekk høyre hoss det stod til, sa han berre: ” Du kan gange ne`att. Det he`stansa det, no." Og slik var det. Det slutta å blø i dette bel.
Noko namn har me altso ikkje høyrt. Det var berre ”Loftsbyggjaren”. ( Fortalt av G. Greivjord.)
(Informasjon etter O.J. Rui/hentet fra tidligere museum aust)
Classification
-
- BygningerOUE 340
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierTUB BYGG 004
- Part of collectionTuddal bygdetun
- Owner of collectionTuddal bygdetun
- InstitutionNorsk Industriarbeidermuseum
- Date publishedOctober 6, 2020
- Date updatedNovember 3, 2020
- DIMU-CODE021058790648
- UUIDec3885b6-23a9-4dc0-9712-234ad180ccf1
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».