History
-
-
Frå ny førar for Bagn Bygdesamling (2020):
"Då Dølven Skule vart bygd på 1890-talet, var det 16 skulekrinsar i Sør-Aurdal. Skulekrinsen eksisterte også før, til dømes vart det leigd skulerom på Kamben på 1860-talet. På slutten av 1870-talet leigde kommunen skulerom på Islandsmoen. Til krinsen høyrde Dølvesbygde og nokre gardar på austsida av elva. Det var Trond Hansen Islandsmoen som gav tomt til skulebygget. Bygginga skjedde i to etappar. Skulekretsen måtte sjølv koste 1/5, medan kommunen og amtet skulle dele likt på resten av kostnadane. Den fyrste etasjen stod ferdig midt på 1890-talet, men det tok tjue år før skulehuset var heilt ferdig med to etasjar. Det vart då bordkledd, med klasserom nede og lærarbustad oppe. Dei yngste og dei eldste elevane gjekk på skule annan kvar dag i det same rommet. Læraren budde oppe med sin familie. Dei fyrste åra var det omlag femti elevar ved skulen, seinare gjekk talet nedover. Etter krigen var elevtalet på 20-30. Krinsen vart lagt ned i 1966. Same året gav Sør-Aurdal kommune skulen til Bagn Bygdesamling. Nede er det i dag skulemuseum og oppe står lærarbustaden etter Ingvar Koppervik nærast urørt.
Ingvar Koppervik (1898–1982) la ned livsverket sitt ved Dølven skule. Han budde og var lærar her frå 1925 til nedlegginga i 1966. Ingvar var med å bygge opp Bagn Bygdesamling og sat i styret i 50 år. Han song og spelte fele og tussefløyte. Han vart ofte omtala som lærar’n for heile bygda; som rådgjevar, sjelesørgar og kyrkjesongar. Ingvar fekk Kongens Fortenestmedalje, og i 1978 fekk han den fyrste kulturprisen som vart gjeve ut i Sør-Aurdal.
Lærarbustaden: «Skulehusjentutn» Kari Dokken, Astri Jodalen og Solveig Kolsrud vaks alle opp i lærarbustaden saman med far sin Ingvar Koppervik. Mora døydde då dei var små. Då Ingvar døydde i 1982 gav døtrene hans innbuet til bygdesamlinga. I 2012 fekk Valdresmusea laga ein liten film om oppveksten deira. Lærar Ingvar hadde fast plass ved bordenden. Den 17. februar kvart år brukte han smøre litt smør på veggen bak seg. Det var dagen då sola titta fram att etter ein lang vinter og dei feira soldagen med å sjå at sola smelta smøret.
SKULEHISTORIA I KORTE TREKK:
Med innføring av obligatorisk konfirmasjon frå 1736 vart det så smått starta leseundervising på bygdene i Noreg. Med den nye skulelova i 1827 vart det innført obligatorisk skule åtte til tolv veker i året, og krav til fastskule ved hovudkyrkja. Den første fastskulen i Sør-Aurdal vart bygd i Bagn på 1840-talet.
Med ny skulelov av 1860 vart det innført fleire fag og krav til fastskule for alle. Slik vart det slutt på omgangsskuleordninga, der læraren kom til grendene og samla elevane i private heimar. I tiåra som følgde vart det bygt nye skulehus i mange av grendene. Det vanlege var då at læraren og familien budde i same bygget, og at det var nok jord rundt skulebygningen til at lærarfamilien kunne ha nokre dyr og dyrke den maten dei trengte. Jorda vart òg nytta til skulehagedyrking. Det skjedde ei enorm utvikling av folkeskulen på 1800-talet, frå 1840 til 1905 auka til dømes talet på undervisingsveker til det femdobbelte, nye fag kom på timeplanen, lærartalet per elev steig frå 1:100 til 1:48, og kravet til lærarane auka. Det var òg større krav til lærarutdanning. I hundreåret som fulgte haldt denne utviklinga fram.
I Sør-Aurdal har det vore mange ulike skulekrinsinndelingar, og sentralisering av skulene har skjedd i fleire omgangar."
Dølven skule vart bygd i 1892 og står på sin opprinnelege stad. Det var Trond Hansen Islandsmoen som gav tomt til skulebygget. Skulekrinsen eksisterte også før, til dømes vart det leigd skulerom på Kamben på 1860-talet, medan dei på slutten av 1870-talet leigdeskulerom på Islandsmoen. Til skulekrinsen høyrde Dølvesbygde og nokre gardar på austsida av elva. Skulekretsen vart lagt ned i 1966. Skulen med utedo og garasje vart etter det ein del av bygdesamlinga i 1966.
Frå føraren til Bagn Bygdesamling "Eit gløtt av gamletida" (2000), s. 31-32:
"Skulehuset med skåle og garasje vart overdrage frå Sør-Aurdal kommune til Bagn Bygdesamling vederlagsfritt. I 1966 fekk Bagn Bygdesamling gamle Dølven skule i gåve frå Sør-Aurdal kommune. Det vart eit verdfullt tilskot til samlingane. I fyrste høgda er det samla skulemateriell frå omgangsskuletida og heilt fram til sentraliseringa av skulen i 1966. Tinga er komne frå fleire skular i Sør-Aurdal og gjev eit bra bilete av utviklinga innan skuleverket gjennom meir enn hundre år. Skulemuseet vert mykje brukt av skuleelevar på barnetrinnet. Noko som gjer at gamle Dølven skule gjev eit så bra bilete av skulen i fyrste halvdel av 1900-talet, er at lærarbustaden i andre høgda står akkurat slik som den siste læraren flytte frå han. Døtrene til Ingvar Koppervik ga alle eignelutane etter far sin til bygdesamlinga, mot at alt skulle stå urørt. No bur ikkje lærarane på skulen lenger, og dette med ein ekte og fullt møblert lærarbustad er visstnok svært sjeldan, om det finst i det heile. Likeplassen ligg der som før og utedoane står nett som det dei alltid har gjort. Alt dette gjev barn i dag eit levande bilete av korleis skuletida til besteforeldre-generasjonen var. // Stutt historikk for Dølven skule: Fyrst i 1892 byrja dei å bygge skulehus i Dølven, på tomt frå Islandsmoen. Før dette hadde dei leigd skulehus rundt i bygda. I fyrste omgangen vart det lafta ei høgd med ein skulesal. I desse åra var det rundt 50 elevar i krinsen og skuletida var 10 veker i kvar avdeling, det vil seia i kvar av småskulen og storskulen. I 1924 vart Ingvar Koppervik tilsett som lærar og han vart verande i på Dølven skule i heile 42 år. I denne lange tida var Dølven skule og læraren eit kraftsentrum i bygda."
Frå føraren til Bagn Bygdesamling "Eit gløtt av gamletida" (2000), s 23:
"Ingvar Koppervik f. 1898-d. 1982. Ingvar var født i Midtre Koparvike og utdanna seg som lærar. Han gifta seg med Åsta Knutsdotter Bergsund, og vart i 1924 tilsett som lærar ved Dølven skule. Dette vart arbeidsplassen hans heilt til han vart pensjonert i 1966. Gjennom alle desse åra var han ein aktiv bygdepatriot. Han var "lærar'n" for heile bygda og han var rådgjevar, sjelesørger og kyrkjesongar. Men framfor alt var han ein særs aktiv museumsmann. Det vart halde mangt eit "museumsmøte" i Moavegnaskjelet, ved postkassa eller i skulesalen. Medan Olaus Islandsmoen levde, var det tre av dei. Etter hans dagar, vart det oftast berre han Trond på Moe (Trond Islandsmoen) og han Ingvar som deltok i desse "møtene". I Ingvar Kopperviks tid som styreformann ved Bagn Bygdesamling vart det realisert mangt eit storarbeid ved museet. Ingvars entuiasme var "smittsam", så han fekk bygdefolket med seg. Han nytta kvart eit egna høve til å drlfte idear han brann for. Etter krigen vart det ein tradisjon at sumarens museumsstemne skulle arrangerast den 7. juni. Dette vart festdagar under leiinga av Ingvar Koppervik. Ingvars store interesse for song og musikk prega stemna. Alltid var musikkorpset på plass på 7. juni-stemnet. Fela til Ingvar var flittig i bruk, kanskje særleg i skulesalen. Som pensjonist vart han ivrig oppteken av musikk på tradisjonsinstrument, så han skaffa seg både munnharpe, lur, bukkehorn og tussefløyte. Minnene etter han Ingvar Koppervik vil me bevare på Bagn Bygdesamling. I skulesalen finn med eit mangfold av minne etter han. Og i husveret hans står alt, med møblar og inventar, som då han levda der. Dette er ein verdfull dokumentasjon og eit minne om det som ein gong var."
I 2012 fekk Valdresmusea laga film om og med systrene som vaks opp i lærarbustaden på Dølven skule, døtrene til Ingvar Koppervik; Solveig Kolsrud, Kari Dokken og Astrid Jodalen.
I lista over "relaterte objekt" ligg fleire bilete knytt til skulebygningen. Her kan ein mellom anna sjå at skulehuset i si tid hadde svalgangsveranda på sørsida.
-
Oppføring - 1892
-
Aksesjon - 1966
Sør-Aurdal kommune overdrog vederlagsfritt
-
Relation
Classification
-
- Bygninger OU 340
References
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier BB.012
- Part of collection Bagn Bygdesamling
- Owner of collection Valdresmusea
- Institution Bagn Bygdesamling
- Date published May 12, 2020
- Date updated May 12, 2020
- DIMU-CODE 021058597560
- UUID D4A1117A-95DF-453A-B9DC-19AC57BFAE64
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».