History
-
Frå ny førar for Bagn Bygdesamling (2020):
18. REKONSTRUERT SKOGSKOIE
I Sør-Aurdal var svært mykje av skogen langt unna fast busetting. Skogsarbeidarane nytta difor i eigne koier. Dei som ikkje elles budde i bygda, kunne ligge innpå åsen i slike koier i vekevis. Nokre av koiene hadde også stall. Det var mange operasjonar for kvar stokk. Fyrst gjekk eigaren og blinka trea som skulle hoggast. Så kom tømmerhoggarane og hogg, kvista, borka og kappa trea. Deretter drog tømmerkøyrarane med hest og saman stokkane i lunnar (haugar). Når snøføret kom, vart tømmeret køyrt med hest ned til næraste egna vassdrag. Denne skogskoia er bygd som ein tilnærma kopi av ei skogskoie som står ved Hølmevatnet på grensa til Nordre Land, og som er eigd av Søre Fønhus. Ho vart sett opp på bygdesamlinga i 2007."
Oppføring: 2007
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierBB.017
- Part of collectionBagn Bygdesamling
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionBagn Bygdesamling
- Date publishedMay 12, 2020
- Date updatedMay 12, 2020
- DIMU-CODE021058597557
- UUID68b9631f-5327-4128-aca0-761ad8707e9c
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».