History
-
-
Frå ny førar til Bagn Bygdesamling (2020):
"Islandsmobygningen vart bygd i 1842 av Hans og Marit Islandsmoen som flytta gardstunet litt høgare opp. Grunnplanet liknar andre hus i samtida, med nokre justeringar. Framskåpet har fått den tidlegare plassen til peisen, medan peisen og pipa ligg mellom døra til sengekleven og døra til gangen. Her har ein dessutan fått plass til ein støypt bakaromn i jarn. Opphaldsrommet har kjøkkenbenk, denne er neppe opphaveleg, men viser utviklinga. Innreiinga elles er tradisjonell med skåp, benkar, bord og senger langsmed veggane. I andre etasje er det installert vedomn. Olaus Islandsmoen rigga seg til med arbeidsrom i andre høgda etter at han vart pensjonist og flytta heimatt frå folkehøgskulen på Brandbu i 1939. I 1950, etter at Olaus døydde og brorsonen Trond hadde fått bygd nytt hus på garden, vart den gamle Islandsmobygningen flytt ned i museet. Etter flyttinga vart det ikkje sett opp ny sval."
Frå føraren til Bagn Bygdesamling "Eit gløtt av gamletida" (2000):
"Bygning. 1950. Islandsmoen-bygningen vart flytta frå det "nye" tunet, ned til museumstunet. Bygningen vart bygt av Hans Person Islandsmoen i 1842. Den nye tomta og grunnmuren vart klargjort av Ola Leite og Sigurd Leite i 1949. Nedtakinga og oppattsettinga vart gjort av Erik Anderson. Peisen og pipa vart mura av Sigurd Leite."
Bygningen vart registrert som nr 5 i Bagn Bygdesamlings gjenstandsprotokoll." (1942-). På eit registreringskort skrive på maskin mange år seinare er det skrive at bygningen vart oppført i brukartida til Hans Person Islandsmoen (1805-1895), og "Bygningen vart bygt på det nye tunet på Islandsmoen." Her står det vidare at det var i 1942 at bygningen flytt til det gamle tunet.
Islandsmoen har gnr 48, br.nr 12.
Jon Ola Gjermundsen om garden og musikarane i Gard og bygd i Sør-Aurdal. B : Kyrkjebjørgo, Øystre Bagn, Leirskogen, Dølve og Hølera, s. 411-417:
"Det gamle tunet stod på søre Moe, der Bagn Bygdesamling no er. Litt høgre enn noverande hus, er også spor etter tomter. Hans Person frå Tronrud bygde det nye, øvre tunet i 1842. Han tok med peishella frå det gamle tunet og sette henne inn i muren på stugu. Hans sette opp bygning i to høgder der det nye våningshuset frå 1976 no står. Den gamle bygningen vart flytta til bygdesamlinga i byrjinga av 1940-åra."
"Etter matrikkelførebuingane 1866 var det ni mål noko skarp åker og dyrka eng, 36 mål magert slåtteland, frå Svarttjednsetren og Juve kom 18 skippund høy, hamninga var nokonlunde tilstrekkeleg, og dei lauva 500 kjerv. I 1865 hadde dei 1 hest, 7 naut, 11 sauer, 9 geiter, 1 gris og sådde 1/8 tønne rug, 1/2 tønne bygg, 3 tønner blandingskorn, 1/16 tønne erter og 3 tønner poteter."
"I 1869 selde Hans Person for 100 spd. til sonen Trond Hanson Islandsmoen f 1839 d 1915 og Ingebjørg Olsdotter Tamburgarden f 1839 d 1928. Trond og Ingebjørg var svært musikalske. Dei song godt og kunne mange tonar og slåttar. Trond spelte òg langeleik. Blant barna var det sjeldsynt musikalsk givnad." Om desse kan ein lese meir på side 414-415 i bygdeboka, men ei kort oppsummering tar vi med litt om fire av dei åtte borna:
HANS f 1867 styrte telefonsentralen i Bagn, var organist i dei kyrkjene og leiar for Hølera hornblåserforening og mangeårig leiar for Bagn og Reinli strykerorkester.
MARTIN f 1869 var songinstruktør og neste brukar av garden.
OLAUS f 1873 d 1949. "Olaus Islandsmoen var høvdingen i Sør-Aurdal sjølv om han budde størsteparten av livet på Hadeland. Frå ungdomen gjekk han med glød inn i arbeidet for dei store sakene i tida, som nasjonal reising, frilynd ungdomsrørsle og fråhaldssak. Livsverket hans var Vest-Oppland folkehøgskole på Brandbu, som han grunnla saman med landbrukskandidat Benum og styrte i ein mannsalder. Med si sterke historiske interesse vart Olaus Islandsmoen drivkraft for reisinga av Hadelandsmuseet, og på tomtene til det gamle søre tunet på heimgarden skapte han Bagn Bygdesamling. Alt i 1914 gav han ut boka Søre Aurdal og Etnedalen , som m.a. rommer verdfull munnleg tradisjon."
SIGURD f 1881 d 1964 var musikar, komponist og ein av dei store i si musikalske samtid. "Som smågut på setra hadde han med seg ei fjøl der orgeltangentane var påmåla. Denne fjøla kunne han sitja og spela på. Tonane høyrde han inni seg, slik den kan som er rikt musikalsk utrusta. Frå 1916 til 1961 var Sigurd Islandsmoen organist i Moss, og gjorde ein stor innsats for musikklivet i kyrkja og byen. Han stifta Moss korforening og Moss orkesterforening, som han leidde ved ca. 50 oratorieoppføringar. Blant komposisjonane utgjer dei kyrkjelege korverka hovudtyngda (...). Han skreiv ei rekkje korsongar, av dei hans mest kjende komposisjon, "Det lysnet i skogen". Han samla folketonar frå Valdres, og har også nytta dei i sine eigne komposisjonar. "
Svein Thorsrud om OLAUS ISLANDSMOEN (1873-1949) i føraren til Bagn Bygdesamling "Eit gløtt av gamletida" (2000):
"Museet på Moe. Minne frå den fyrste tida, fortalt av tre Leite-sysken som Olaus var onkel til: Ragnhild Dølven, Toralf og Trond Leite: Ungane i Leite fekk alltid vera med mor si til Islandsmoen når bror hennar kalla saman slekta og bygdefolket til stemne. Når vi veit at det fyrste stemnet var halde i 1920 og at desse minnene er formidla til underteikna åtti år seinare, må vi be om forståing for at presisjonsnivået neppe kan verta hundre prosent.
Det heile starta med eit bygdestemne på Islandsmoen. Olaus tok initiativet og han sto for alt sjølv. Han planla stemneprogrammet til den minste detalj, kalla folk saman og stod sjølv for gjennomføringa. Han held tale, song og fortalde historier med lokalt innhald. Eit slikt eksempel var historia om Dølres-høvdingen og Brattrud-høvdingen som stadig låg i strid med kvarandre. Olaus var svært interessert i slekta si og andre slekter i bygda. Han nytta høvet til å gjeva sambygdingane sine lange slektshistoriske utgreiingar på desse stemnedagane. Olaus var ein habil songar. Han stod ofte på dørhella på Smettbakbua når han tala og song. «Ro fjorden» song han ofte. «At far min kunne gjera» var og fast på programmet.
Olaus hadde mykje kontakt med spelemannen Ola i Brenno. Etter kvart fekk han med seg Ola til å spela langeleik på det årlege bygdestemnet. Ola fortalde og historier i samband med låttane sine. Han var alltid pynta i bunad der han sat og tralla og spela, togg skrå og sputta svart. Han spela ofte ein lått frå Lomen som var laga over fylgjande utsagn: «Å trøllen fari at eg selde Lome, for no står alle koppar og kjørel tome.» Eit anna eksempel kunne vera: «No skal eg spela den låtten den Vonde plystra då’ tralla i kyrkjetårnet». I regnver kunne ikkje Ola spela. Han måtte verne langeleiken mot væte.
I høveleg tid før stemnet gjekk Olaus gardimellom og oppmoda folk om å koma. Han var ofte i Leite for å vitja syster si – Tonetta – og den store familien hennar. Han kom alltid med tog til Tonsåsen (frå Brandbu) og skulle hentast med hesteskyss der. Arne (i Leite) var som regel skysskar. Olaus var svært glad i gorobrød og spurde ofte: «Har du gorobrød no?» Alltid hadde han mykje interessant å fortelja og han venta å bli lytta til. Når han gjekk att, vende han seg til oss ungane og sa: «Ja, no må dø hugse detta til neste gong eg kjem att.» I det han helsa farvel, tok han opp ei øskje med Mokkabønner og gav dei.
Sidan Olaus ikkje budde i bygda og heller ikkje hadde familie sjølv, nytta han det årlege stemnet på heimgarden som eit høve til å treffe slekta. Den fyste tida vart det og reine familiestemnet, og slekta møtte mannjavnt opp. Etter kvart vart det andre i grannelaget og innbedne til bygdestemne. Stemnet var halde før seterflytting om våren eller etter at dei kom heim. Leiteungane fekk alltid vera med mor si på stemnet. Dei fortel at det var særleg to høve mor deira ville få med seg før ho flytte på Grånlie: Det eine var at ho måtte til kyrkje og det andre var stemnet på Islandsmoen.
For Olaus var det naturleg å tenkja positivt. Den kjende utsegna om «… at det er true som gjere det meste» er eit lite prov på det. Han hadde som grunninnstilling at ingenting var uråd. Folk flest hadde då som no, oftast noko å klage over og om ikkje anna så var det noko å utseta på veret. For Olaus var det aldri dårleg ver. Sjølv i tretti minusgrader tok alltid Olaus av seg votten å helsa i handa når han møtte folk etter vegen og då kunne han seia: «Det er eit usedvanleg godt og helsesamt ver mø har om dagen!» Eit anna utsagn tyder på at sterk sumarvarme kunne plage han: «Eg likear betre kulde enn varme – for å kulda kan ein lettare verne seg mot.» I denne samanheng høyrer det vel med å nemna at Olaus alltid gjekk kledd i vadmålsklede.»
Samlinga: "Det fyrste huset på bygdesamlinga var Smettbakbua - opphaveleg ei årebu i Svartsetra, bygt i 1796. Bua vart flytt til Smettbak, som var haustseter og låg ovanfor øvre Brenn. I 1920 kom bua til Islandsmoen og ho vart såleis den fyrste "byggesteinen" i det som etter kvart skulle bli Bagn Bygdesamling. Opphaveleg var det truleg far og farbrørne til Olaus (Islandsmoen) som hadde ideen om eit museum på dei gamle tuftene av Islandsmoen. Olaus tok ansvaret for å setja ideen ut i livet ved bruk av eigne ressursar. Broren, Sigurd, hjalp og til økonomisk og i serleg grad etter at Olaus gjekk bort hausten 1949. Det vart inga vanleg skifte etter Olaus. Familien vart samde om at ingenting skulle takast ut av buet. Midlane etter stiftaren av Bagn Bygdesamling gjekk difor til vidareutvikling av samlinga. Rett før Olaus døydde skal ha uttala at: «Det er dårleg med boksamling på Moe, men kanskje det kan rette seg etter kvart».»
Svein Thorsrud om TROND ISLANDSMOEN (1901-1995) i føraren til Bagn Bygdesamling "Eit gløtt av gamletida" (2000):
Han var son av Martin f. 1869 og Olea Reiersdotter Dølven, f. 1880. Dei gifta seg i 1901. Trond var ei av drivkreftene til Bagn Bygdesamling opp gjennom tida. Han var prega av det miljøet han vaks opp i. Som liten leika han mellom dei gamle hustuftene på Søre Moe. Han høyrde foreldra, farbrørne og besteforeldra sine fortelja om gamledagar, og han såg at dei tok vare på dei gamle tinga som fanst att etter foreldra og gamlefolka på garden. Han høyrde dei spela, og interessa for musikk vart vakt. Men noko ved all denne musikken vart ikkje berre lystbetont. Medan farbroten, Sigurd, enda budde heime, fekk han seg eit orgel (harmonium) med to manualar og pedalar. For at Sigurd kunne få øvd seg i pedalspel, måtte han ha ein til å dra belgen. Dette var høveleg smågutarbeid, syntes Sigurd. For ein 6-7 åring vart dette eit mareritt. Det var verre enn å dra slipesteinen, sa Trond. Å dra slipestein vart ein ferdig med ein gong. Men han farbror Sigurd vart aldri ferdig med å øve pedalspel på orgel... Det vart til at Trond sprang til skogs og gøymde seg når Sigurd kom heim att. Men musikk vart likevel ein kjær fritidssyssel for Trond. Han både spela sjølv og dirigerte andre, og han dreiv både kor- og korpsverksemnd. Saman med kona si, Ingebjørg Lundene, f. 1916, dreiv Trond garden Islandsmoen, og i heile deira brukstid var det at Bagn Bygdesamling vart bygt opp. Trond var med i museumsstyret i oml. 30 år, og var styreformann 1943-1951. Mang ein besøkjande vart motteken av han Trond på Moe. Og det var ikkje ei innøvd "guidelekse" han Trond kunne å fortelja. Han kjende historia til det meste som var samla på museet, og han kunne å fortelja henne. Mangt eit bortheft vart det nok i gardsarbeidet for han Trond, men museet var viktig.
I lista over relaterte objekt under ligg ein del foto. Mellom anna av Islandsmobygningen i 1935, før han vart flytt ned i det gamle tunet. Der hadde bygningen eit lite tilbygg som inngangsparti.
-
Oppføring - 1842
-
Flytting - 1949 — 1950
-
Relation
Classification
-
- Bygninger OU 340
References
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier BB.009
- Part of collection Bagn Bygdesamling
- Owner of collection Valdresmusea
- Institution Bagn Bygdesamling
- Date published May 12, 2020
- Date updated May 12, 2020
- DIMU-CODE 021058597554
- UUID ea0a9b13-cc63-4ddc-9da7-953c6e5d33bb
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».