History
-
-
Frå ny førar til Bagn Bygdesamling (2020):
"Denne bygningen kjem frå Bagnsmoen og vart nytta som lokalt militærdepot. Telthuset vart truleg bygd først på 1800-talet, kan hende før.
Den norske hæren vart oppretta i 1628. Systemet var i starten basert på at ein eller fleire sjølveigande gardar utgjorde ein legd som skulle stille ein fullt utrusta soldat. Militærutdanninga gjekk føre seg på dei lokale ekserserplassane. Militærutstyret vart i mange år oppbevara i kyrkjene. I 1705 vart til dømes utstyret til Valderske kompani i Oplandske infanteriregiment lagra i Land hovudkyrkje på Fluberg. Men etter den store nordiske krig (1709–1720) vart det i heile Noreg bygd telthus for lagring av det som ikkje var personleg utstyr for soldatane.
Det var bygdefolket som kosta og bygde desse husa. For Ytre Valderske Compagnie, som omfatta Aurdalsbygdene og Etnedal, var ekserserplassen og telthuset på Bagnsmoen. Iallfall gjaldt det frå kring 1800. I eit brev frå 1806 skriv iallfall lensmann Kreutz om både telthus og ekserserplass på Bagnsmoen, og dette går òg fram av fleire kartteikningar som finst i Riksarkivet. I 1813 signerte militæretaten ny leigekontrakt for eit større område enn før på Bagnsmoen. I bygdeboka er det òg nemnt at ein før prestegardsbygginga nytta området sør for kyrkja. I ei kontrakt frå 1813 signerte «Samlige Almuesmænd af Bangs Hovedsogn» på den militære leigeavtala der det sto at kompaniet skulle betale 6 riksdalar sølvverdi i årleg leige for ekserserplassen. I 1820 vart det signert ny kontrakt, men då utan avgift og utan oppseiingstid.
På 1860-talet vart dei lokale kompania i Valdres lagt ned, og bruken av ekserserplassane og telthusa gjekk ut av bruk. Etter kvart vart telthuset på Bagnsmoen flytta og nytta som stabbur på garden Klukkarmoen sør for prestegarden. (Sjå bilete frå denne sida under bygning 12 Stabelbygningen)
Telthuset frå Bagnsmoen er tredelt, med eit smalt midtparti med innvendig trapp og dobbel kvitmåla inngangsdør. På baksida av huset er det reisverk i midtpartiet, kan hende var det frå gamalt mogleg å køyre inn i midtgangen med hest og vogn for å lesse inn utstyr. Huset har ei gong vore raudmåla, truleg frå den tida det stod på Klukkarmoen.
Telthuset vart flytt til bygdesamlinga i 1962. I dag blir huset nytta som utstillingshus for mellom anna skogs-, jordbruks- og fangstreiskap."
Frå føraren til Bagn Bygdesamling "Eit gløtt av gamletida" (2000), s. 11:
"1962. Telthus. Dette var lagerhus tilhøyrande det Ytre Valderske Kompagni 1813-1859, og sto på Vangen ved Bagn kyrkje. (På nørdre delen av noverande kyrkjegard). Huset vart seinare flytta til Klokkarmoen, og brukt til stabbur på Gamleheimen. Arbeidet med flyttinga av telthuset vart gjort av Peder Lundelien og Olaf Tronsplass." På Klukkarmoen var det elles gamleheim frå 1925 til sist på 1950-talet.
Gjermundsen, Jon Ola: Gard og bygd i Sør-Aurdal. B : Kyrkjebjørgo, Øystre Bagn, Leirskogen, Dølve og Hølera, s. 200.
Om Bagnsmoen: "Rimeligvis frå før 1700 og til langt ut i 1800-åra var det også ekserserplass på Bagnsmoe. I den eldste tida vart det eksersert på den sørlege delen av moen. I eit skriv frå Valderske skarpskytterbataljon i 1811 heiter det at prestegarden var lagd på kompaniets "forrige" ekserserplass. Ved to kontraktar i 1813 og 1820 fekk dei militære bruksrett til området lenger nord. På Vange eller Kyrkjevangen, foran og nord for kyrkja, vart det etter kvart oppført fleire bygningar. Dei eldste var tinghus, telthus til militæreffektar, og kyrkjestallar."
Einar Mosleth, dåverande avdelingsleiar ved Bagn Bygdesamling: Avisa Valdres, juli 2013:
"Sidan 1962 står eit enkelt to-etasjes tømmerhus på Bagn Bygdesamling. Huset er i tre delar, kor midtpartiet er smalt og har ei dobbelt kvitmåla inngangsdør. Huset står så greitt og støtt med ein flott mura steintrapp framføre seg, at ein skulle tru det aldri hadde stått nokon annan plass enn her på Bygdesamlinga. Om huset er enkelt, er det likevel verd å merkje seg, for dette var opphavleg eit telthus for det ytre Valderske Kompagni på Bagn. Telthuset skulle huse utstyr for militæravdelinga og er såleis eit lagerhus. I eldre tid var det ofte kyrkjene som husa telt og anna kompaniutstyr. I 1705 vart til dømes utstyret til Valderske kompani i Oplandske infanteriregiment lagra i Land hovudkyrkje på Fluberg. Men det var tungvint å hente fram sakene frå kyrkjetårn og loft, og utøy, mus og utette kyrkjetak fôr ille med tinga. Gjennom 1700-talet vart såleis fleire telthus bygde i Valdres. Dei vart kosta og oppsette av bygdefolket. I 1813 inngjekk "samtlige Almuesmænd av Bangs Hovedsogn" og militæret ein leigeavtale om å nytte Bagnsmoen, eller Kyrkjevangen, som ekserserplass. Militæretaten skulle betale 6 riksdaler sølvverdi årleg i leige. Plassen vart nytta som ekserserplass fram til 1859, då militæret la ned kompaniet i Bagn. Telthuset vart seinare flytta og nytta som stabbur på garden Klukkarmoen sør for prestegarden. Klukkarmoen var òg den fyrste aldersheimen i Sør-Aurdal kommune, og nedst til venstre i det gamle bildet frå vestre Bagn ser ein baksida av telthuset med kvitmåla hjørnekasser, slik det sto der fram til 1962. Tar ein bygningen i nærare ettersyn slik det står no, kan ein framleis sjå at den ein gong har vore raudmåla. Kanskje helst frå tida det sto på Klukkarmoen. På baksida av huset er tømmeret i midtpartiet – gangen – erstatta av bordkledning, noko som kanskje kan tyda på at gangen ein gong har vore til å køyre igjennom med hest. Ein kan lett tenkje seg at dette var praktisk den gongen huset hadde sin opphavlege funksjon som telthus. I dag huser telthuset mellom anna ei fast utstilling om skogsdrift i gamal tid, fleire typar sledar samt ymse handverksreiskap. Kjelder: Valdres Bygdebok bind 3, fyrste del. Bagn kirkes historie, Johan Hveem. Sagn og Soge i Søndre Ourdahl, 2010."
-
Oppføring - 1813
-
Flytting - 1962
-
Relation
Classification
-
- Bygninger OU 340
References
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier BB.011
- Part of collection Bagn Bygdesamling
- Owner of collection Valdresmusea
- Institution Bagn Bygdesamling
- Date published May 12, 2020
- Date updated May 12, 2020
- DIMU-CODE 021058597553
- UUID 5BA25D63-2A04-4C51-BF30-0576E5D803EF
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».