History
-
-
Frå ny førar til Bagn Bygdesamling (2020):
"Stabburet frå Hølerseterbrøtin er frå fyrste halvdel av 1700-talet og stod på det som truleg er den eldste av husmannsplassane i Hølerseterbygden. Plassen vart sjølveigande i 1864. På den tida hadde plassen 5 mål bratt åker og dyrka eng, 20 mål temmeleg magert slåtteland og noko utslått. I tillegg henta eigarane årleg 200 lauvkjerv som tilleggsfôr til dyra. Dei hadde 1 hest, 5 kyr, 6 sauer og 6 geiter. Om våren sådde dei 1 1/4 tønne bygg og sette 2 1/2 tønne poteter. Plassen skal ha skifta husmenn og eigarar mange gonger gjennom tidene. I følge bygdeboka budde siste fastbuande på Hølerseterbrøtin på 1890-talet, medan det i 1951 vart bygd traktorveg dit. Olaus Islandsmoen eigde plassen nokre år, og det var grunnen til at stabburet i 1946 vart flytta til bygdesamlinga."
Frå føraren til Bagn Bygdesamling "Eit gløtt av gamletida" (2000):
"Stabbur 1946. Stabburet er frå Hølerseterbrøtin. Olaus Islandsmoen eigde Hølerseterbrøtin på den tid, og vart derved gitt av han. Hølerseterbrøtin hadde vore husmannsplass til Hølersetre. Flyttinga vart utført av Ola Brenden og Sigurd Lundelien. Den 3. jan 1946 vart stabburet køyrt frå Hølerseterbrøtin på dugnad. Desse deltok: Arnfinn Brenden, Arne Bøhle, Arne A. Fønhus, Thomas T. Langedrag, Asbjørn Lundene, Harald Lundene, Peder Lundelien, Gudbrand Stensæter og Arne Øyhus."
Gjermundsen, Jon Ola: Gard og bygd i Sør-Aurdal. B : Kyrkjebjørgo, Øystre Bagn, Leirskogen, Dølve og Hølera, s 574-576:
Hølerseterbrøtin var den eldste av husmannsplassane i Hølerseterbygden, og må iallfall ha vore i bruk tidleg på 1700-talet. Her kan ein lese om fleire husmenn som har brukt plassen. Til dømes kan vi i bygdeboka lese dette: "I 1822 fekk Knut Bjørnson Ølmhuseige med ventande kone husmannskontrakt Ola Olson Erstad: Leiga var stor, 8 spd., som skulle svarast ved å slå 26 dagar - 3 spd., skjera 5 mål og skur - 1 spd., arbeide 12 dagar vår og haust - 1 spd. 72 skill., medan resten 2 spd. 48 skill, skulle betalast med arbeid vår, haust og vinter for gjeldande dagløn i bygda. Plassen hadde 6 mål brukbar åker." Hølerseterbrøtin vart i 1864 utskilt/sjølveigande. "Etter matrikkelførebuingane 1866 var det 5 mål svært høglendt åker og dyrka eng, 20 mål temmeleg magert slåtteland, frå Tanterhaug kom 6 skippund høy, hamninga var god, og dei lauva 200 kjerv. I 1865 hadde Ola og Anne 1 hest, 5 naut, 6 sauer, 6 geiter, og sådde 1 1/4 tønne bygg og 2 1/2 tønne poteter." Siste fastbuande på 1890-talet. Ulike eigarar først på 1900-tallet. Olaus Islandsmoen kjøpte etter kvart bruket (1940-talet?), gav bruket til Harald Øyhus og flytte det gamle stabburet til Bagn Bygdesamling i 1946. "Dørstokken i stabburet er opphoggen, for der brukte dei å hogge kjøtet." s 550: I 1951 vart det bygd traktorveg dit.
Bygningen er registrert som nr 756 i Bagn Bygdesamlings gjenstandsprotokoll. (1942-). Stabbur Hølerseterbråten.
-
Produksjon - 1800 (Usikker)
-
Flytting - 1946
-
Relation
References
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier BB.008
- Part of collection Bagn Bygdesamling
- Owner of collection Valdresmusea
- Institution Bagn Bygdesamling
- Date published May 12, 2020
- Date updated May 12, 2020
- DIMU-CODE 021058597551
- UUID 7f3b75a0-4ea0-4248-a84a-62d3a068476c
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».