History
-
Frå ny førar til Bagn Bygdesamling (2020):
"Dette stabburet er bygd i to høgder og har innvendig trapp. Det har stått på husmannsplassen Juve, og vart truleg sett opp der kring år 1800. Husmannsplassen Juve låg einsleg og bratt til i lia ned mot Islandselve vest for Dølve. Like ovanfor plassen gjekk den gamle Prestevegen, som gjekk vidare til Hedalen. I 1865 var det 3 kyr, 7 sauer og 5 geiter på denne husmannsplassen. Same år sådde brukarane her 1 tønne bygg og sette 2 tønner poteter. Plassen vart sjølveigande sist på 1800-talet. Då skal dei ha hatt både bekkekvern, sag og flishøvel ved Islandselve. I 1906 skal eigaren ha bore stokk for stokk til eit nytt hus opp den bratte lia. Stabburet vart sett opp på bygdesamlinga på dugnad i 1946, etter at den dåverande eigaren av Juve, Ola Koppervik, gav det til museet. Ei tid var det to vindauge på eine veggen. Desse vart truleg bygd att då det vart flytta på museet. Plassen fekk bilveg i 1978."
Frå føraren til Bagn Bygdesamling "Eit gløtt av gamletida" (2000): Stabbur 1946: Stabburet frå Juve vart gitt av Ola Koppervik. Flyttinga vart utført av Ola Brenden og Sigurd Lundelien. Den 3. jan. 1946 vart stabburet køyrt frå Juve
på dugnad. Desse deltok: Bjarne Bergene, Sigurd O. Bergene, Odd Bergsund, Asbjørn Holt, Ole K. Kamben, Ola Koppervik og Trond Islandsmoen".
Stabburet er truleg frå midt på 1700-talet.
Juve har gnr 48 bnr 29 og ligg i Sør-Aurdal. Dette var ein gamal husmannsplass som vart sjølveigd i 1895. Ole Koppervik kjøpte plassen i 1930. Han brukte plassen som haustseter og kjørte fôret ned om vinteren. Plassen fekk fyrst bilveg i 1978. Sjå referanse til Valdres Bygdebok Gard og bygd i Sør-Aurdal.
Gjermundsen, Jon Ola: Gard og bygd i Sør-Aurdal. B : Kyrkjebjørgo, Øystre Bagn, Leirskogen, Dølve og Hølera, s. 411-417: Her går det fram at Islandsmoen hadde hamne i Juve:
"Islandsmoen: (...) Etter matrikkelførebuingane 1866 var det ni mål noko skarp åker og dyrka eng, 36 mål magert slåtteland, frå Svarttjednsetren og Juve kom 18 skippund høy, hamninga var nokonlunde tilstrekkeleg, og dei lauva 500 kjerv."
Bygningen er registrert som nr 758 i Bagn Bygdesamlings gjenstandsprotokoll (1942-).
Produksjon: 1750 (Usikker)
Flytting: 1946
Aksesjon: 1946
Gåve frå Ola Koppervik
References
-
- LitteraturreferanseValdres Bygdebok Gard og bygd i Sør-Aurdal band B, side 369-371
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierBB.007
- Part of collectionBagn Bygdesamling
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionBagn Bygdesamling
- Date publishedMay 12, 2020
- Date updatedMay 12, 2020
- DIMU-CODE021058597549
- UUID0af12371-4282-4e7a-8ca9-1f5e34dbb57d
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».