History
-
Stabburet er det fyrste huset som vart flytta til bygdesamlinga.
Frå ny førar til Bagn Bygdesamling (2020):
"Frå gamalt tid vart det bygd eit hus til kvart føremål. Stabbura vart nytta som lagerhus for matvarer. Under dette einhøgda føderådsstabburet er det i kvart hjørne lagt opp fundament av stein. Oppå ligg ei grime av svillar som er felt saman i hjørna. Over der finn ein trestabber som er tappa inn i langsvillene, og over dette er golvet festa og veggane lafta opp. I gavlen er det trekt fram ei sval. Stabburet er flytt fleire gonger. Det skal ha blitt bygd tidleg på 1700-talet på garden Nedre Bagn / Tamburgarden, og vart seinare flytt til Søre Leite. På 1840-talet vart det flytt til det øvre Islandsmoen-tunet, og i 1910 vart det flytt frå «det nye tunet» i Islandsmoen og ned til sine opphavelege tufter i det som etter kvart vart til Bagn Bygdesamling. Sist på 1930-talet vart det flytt på nytt, for å gje plass til murbygningen som Olaus Islandsmoen fekk bygd."
Frå Bagn Bygdesamlings gjenstandsprotokoll (1942-):
"Stabbur på stolpar. Upphaveleg frå Nedre Bang. Flutt til Søre Leite, og derifrå til Islandsmoen. Frå Bang, men føderådsstabbur på Islandsmoen. Til Islandsmoen 1845. Budi er opset av Ivar Olsøn Islandsmoen f. 1796."
Stabburet er registrert som nr 1 i Bagn Bygdesamlings gjenstandsprotokoll (1942-).
Frå føraren til Bagn Bygdesamling "Eit gløtt av gamletida" (2000):
"1920 Stabbur. Det vesle føderådsstabburet på Islandsmoen vart fyrst oppsett øvst på det gamle tunet. Der var murbygningen bygt, så det vart difor flytta til ei av dei andre gamle tuftene. Stabburet er opphaveleg frå Nedre Bagn, men vart flytta til Søre Leite, og seinare derifrå til Islandsmoen i 1845." Dette inneber at stabburet har stått fem ulike stader. Bilete BV 89-413 viser den fyrste plasseringa på Bygdesamlinga.
Om Islandsmoen gnr 48, br.nr 12 i Gard og bygd i Sør-Aurdal. B : Kyrkjebjørgo, Øystre Bagn, Leirskogen, Dølve og Hølera, s. 417:
"Det gamle tunet stod på søre Moe, der Bagn Bygdesamling no er. Litt høgre enn noverande hus, er også spor etter tomter. Hans Person frå Tronrud bygde det nye, øvre tunet i 1842. (...) Hans Person hadde eit stabbur som var kome frå Leite. Stabburet vart flytta ned til bygdesamlinga, det fyrste huset som vart flytta dit."
I lista over "relaterte objekt" finn ein mellom anna dette fotoet; BV 87-192, som viser korleis Islandsmoens seterbu frå Smettbak/Svartsetra ei stund stod ved sida av det vesle stabburet. Olaus Islandsmoen er sjølv med på dette biletet.
Produksjon: 1700 (Usikker)
Flytting: 1845
Gjenoppføring: 1920
Flytting: 1938
Relation
References
-
- LitteraturreferanseLitt: Gjermundsen, Jon Ola: Gard og bygd i Sør-Aurdal. B : Kyrkjebjørgo, Øystre Bagn, Leirskogen, Dølve og Hølera, s. 411-417 http://www.nb.no/nbsok/nb/c20125787760cb1f4398b65b4da4b685?index=2#413
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierBB.002
- Part of collectionBagn Bygdesamling
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionBagn Bygdesamling
- Date publishedMay 12, 2020
- Date updatedMay 12, 2020
- DIMU-CODE021058597548
- UUID0ea494dc-45a1-4643-8584-2f1522ff6652
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».