History
-
Islandsmoens eigen seterbu som først stod på Svartsetra og seinare vart flytt til heimsetra Smettbak. Kring 1920 vart seterbua flytt øvst på det som vart Bygdesamlinga, og seinare fekk ho ny plass der ho står no. Opphaveleg var dette ei årestove med jordgolv.
Frå ny førar til Bagn Bygdesamling (2020):
"I heile Valdres vart det setra intensivt frå gamalt av. Utnytting av utmarka var avgjerande for å skaffe nok mat til folk og dyr gjennom vinteren. Setrene i Sør-Aurdal låg som regel meir spreidd enn lengre nord i Valdres. Denne vesle seterbua skal vera frå 1796. Ho var opphaveleg ei årebu som stod på Svartsetra. Dette var setra til Islandsmoen, og bua vart truleg bygd av Ivar Olson Islandsmoen. Vindauga mot tunet er små og har nok ikkje alltid hatt glas. Då ein brukte åre og ljore, altså eit bål på golvet med eit hol i taket for å ta røyken ut, regulerte ein trekken med gluggestampar i vindauga. I den tida hadde seterbua stampa jordgolv. Det store rommet var eldbu for overnatting, ysting og koking, og det vesle mjølkebu for oppbevaring av mjølkeprodukt og kjerald. Då dei skulle bygge ny seter på Svartsetra, vart seterbua flytt til haustsetra Smettbak. I 1920 gjekk fekk Olaus Islandsmoen saman med gode hjelparar flytt seterbua vidare ned i det gamle Islandsmo-tunet. Men også på bygdesamlinga vart det flytting. Etter ca 20 år måtte seterbua vike for å gje plass til Islandsmobygningen."
Frå føraren til Bagn Bygdesamling "Eit gløtt av gamletida" (2000):
"Seterbu. 1914. Då det skulle byggjast ny bru på Svartsetra, vart den gamle flytta til Smettbak, som vart nytta som haustseter. Bua var årebu, men fekk vindaugo og peis då ho vart sett opp att. Bua som er frå 1796, vart fyrst oppsett der Islandsmobygningen no står, men vart seinare flytta dit ho no står."
"Det fyrste huset på bygdesamlinga var Smettbakbua - opphaveleg ei årebu i Svartsetra, bygt i 1796. Bua vart flytt til Smettbak, som var haustseter og låg ovanfor øvre Brenn. I 1920 kom bua til Islandsmoen og ho vart såleis den fyrste "byggesteinen" i det som etter kvart skulle bli Bagn Bygdesamling."
Gjermundsen, Jon Ola: Gard og bygd i Sør-Aurdal. B : Kyrkjebjørgo, Øystre Bagn, Leirskogen, Dølve og Hølera, s. 411-417:
Islandsmoen: "Etter matrikkelførebuingane 1866 var det ni mål noko skarp åker og dyrka eng, 36 mål magert slåtteland, frå Svarttjednsetren og Juve kom 18 skippund høy, hamninga var nokonlunde tilstrekkeleg, og dei lauva 500 kjerv. I 1865 hadde dei 1 hest, 7 naut, 11 sauer, 9 geiter, 1 gris og sådde 1/8 tønne rug, 1/2 tønne bygg, 3 tønner blandingskorn, 1/16 tønne erter og 3 tønner poteter."
Bygningen vart registrert som nr 2 i Bagn Bygdesamlings gjenstandsprotokoll." (1942-). Frå Svartsætri, seinare på heimsætri Smettbak. Innkomst 1920.
På registreringskortet er det skrive at Ivar Olsen Moen (Islandsmoen), nørdre Lundatn, 1726-1804, oppførte seterbua. Det var iallfall i hans brukartid at huset vart sett opp.
I lista over "relaterte objekt" ser ein fotoa BV 89-406 og BV 87-192. Det eine viser Islandsmo-familien framfor føderådstabburet og seterbua i 1937, det andre viser dei same bygningane med Olaus Islandsmoen foran. Desse bileta er tatt mens seterbua stod legg opp i bygdesamlinga. Seterbua vart seinare flytt for å gje plass til Islandsmobygningen.
Produksjon: 1796
Flytting: 1914
Relation
References
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierBB.001
- Part of collectionBagn Bygdesamling
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionBagn Bygdesamling
- Date publishedMay 12, 2020
- Date updatedMay 12, 2020
- DIMU-CODE021058597545
- UUIDce627f9d-a21c-4e4f-90e3-0fdec07db6ec
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».